måndag 24. mars 2008

Ä gä til kloster





I dag ville me gå tur, som seg hør og bør for ein nordmann på ein søndag. Me hadde blitt anbefalt ein landsby nord for Tübingen. Her skulle det vere gamle kloster og mykje anna fint å sjå på, og eg veit ikkje kva. Ettersom me bur på nordsida av byen og ikkje så langt frå skoggrensa, skulle det heile vere ein overkommeleg tur.




Me gjekk nordover frå studentbyen, passerte butikkane våre, gjekk gjennom nokre boligstrøk og kom til ein kolonihage. Ifølge kartet skulle me ta oss langs kolonihagen og inn i skogen og følge ymse stiar som gjekk på kryss og tvers der inne. Stiane gjekk konsekvent aust/vest, med aust/vestlege forbindelsar på skrå. Det blei derfor mykje att og fram gjennom skogen for oss som skulle nordover.



Men etter ei tid fann me nokre større stiar og skimta grøne marker. Og bak markene kom det fram ei klynge med bygningar. Klynga vaks og snart kunne me sjå både kloster, kyrkje og slott. Me var ute av den store skogen og hadde nådd vårt endemål. Middelalderlandsbyen Bebenhausen låg for føtene våre og det heile var storslagent. Sola skein over husa som låg majestetisk nedi dalen, og ei ørn kretsa over oss. Me kjente at me var på rett plass i livet.


Kyrkjeklokka ringte kvart kvarter.


Jone fann ein flott tilhengar.



Etter vandring i klostergarden, rasta me i äsen ovanfor Bebenhausen.

5 kommentarer:

Elisabeth sa...

Hei! Kjekt at dåkke og har fått blogg, så kan eg fylla litt med! Fekk meldingen din, men eg har våre litt rundt omkring, så eg har kje fått roen te å sjekka...
Såg herligt ut med den turen dåkke hadde :)

klem

vegard ullenes sa...

flott tilhengjar det jone. den kunne du vel tenkja deg. du får visa den te mamma og pappa når me kjem ner øve. har hatt første dag på jobb itte påske. Det har gått bra. snart ska eg heim øve. kjekt å få se litt bilder. Me talas. Helsing Vegard

Anonym sa...

Liebe Marte und lieber Jone!
Så kjekt at dokk har fått blogg =) Eg kan huska at du har lenge snakka om at du hadde lyst å dra te Tyskland Marte, så kjekt at drømmen endelig gjekk i oppfyllelse! Eg har og kjempelyst å besøka familien Höffken i Weimar igjen.. Kanskje det lar seg gjør ein dag.. I dag drar eg t Krakow itte ein goe påskeferie her hjemma i Stavanger og ska ta fatt på studiene igjen og examener som ligge på lur.. Alles gute! Viel glück! Klem fra Silje

Anonym sa...

Gratulerer med overstått Jone! Ser ut til at dere har funnet dere vel til rette. Jeg er nettopp kommet hjem fra en nydelig seiltur på Trondheimsfjorden i påsken. (bilder på www.leifarnekalleland.wordpress.com). Ønsker dere alt vel i tiden fremmover!

Fred!

Leif Arne

Henrik sa...

Ein fine tilhenger?