onsdag 26. mars 2008

Sprachkurz

Me har naa hatt vaare to förste dagar paa spraakkurs. Me er 70 personar fraa alle fem verdensdelane. Altsaa blir det mange rare uttalselsar naar me alle
skal snakka tysk. For det meste gaar dette greit saa lenge me tar tida til hjelp. Det er heller ikkje alle tema som er like lette aa snakke om fordi me ennaa ikkje kan saa mange ord og heller ikkje dei same orda.

Til i morgon skal me skrive 1-2 sider om kva me gjorde siste veka för me reiste hit. Her blir det muligens litt dikting for aa unngaa dei vansklegaste orda og setningane. Men saa er det vel heller ikkje fordi dei skal vite kva me har gjort, men for aa sjaa korleis spraaket vaart er at me gjer dette.

I morgon og fredag er avsatt til byraakrati - 1 1/2 dag! Det er saa mange forskjellige kontorer me maa innom - i rett rekkefölge - at me har folk som skal fölge oss.  Naar eg ein gong innimellom ikkje frustrerer meg over dette, er det ganske komisk. :)

måndag 24. mars 2008

Heimen vaar


Soverom og kontor



 



Kjökkenkrok (paa plata staar grautgryta!)




Ä gä til kloster





I dag ville me gå tur, som seg hør og bør for ein nordmann på ein søndag. Me hadde blitt anbefalt ein landsby nord for Tübingen. Her skulle det vere gamle kloster og mykje anna fint å sjå på, og eg veit ikkje kva. Ettersom me bur på nordsida av byen og ikkje så langt frå skoggrensa, skulle det heile vere ein overkommeleg tur.




Me gjekk nordover frå studentbyen, passerte butikkane våre, gjekk gjennom nokre boligstrøk og kom til ein kolonihage. Ifølge kartet skulle me ta oss langs kolonihagen og inn i skogen og følge ymse stiar som gjekk på kryss og tvers der inne. Stiane gjekk konsekvent aust/vest, med aust/vestlege forbindelsar på skrå. Det blei derfor mykje att og fram gjennom skogen for oss som skulle nordover.



Men etter ei tid fann me nokre større stiar og skimta grøne marker. Og bak markene kom det fram ei klynge med bygningar. Klynga vaks og snart kunne me sjå både kloster, kyrkje og slott. Me var ute av den store skogen og hadde nådd vårt endemål. Middelalderlandsbyen Bebenhausen låg for føtene våre og det heile var storslagent. Sola skein over husa som låg majestetisk nedi dalen, og ei ørn kretsa over oss. Me kjente at me var på rett plass i livet.


Kyrkjeklokka ringte kvart kvarter.


Jone fann ein flott tilhengar.



Etter vandring i klostergarden, rasta me i äsen ovanfor Bebenhausen.

fredag 21. mars 2008

Kontaktinformasjon

Her er ulike mätar ä nä oss pä mens me er i Tyskland:

Post
Fichtenweg 28/108
72076 Tübingen
Germany

Epost
Marte: mullenes at gmail.com
Jone: jone at streken.com

Telefon
Marte: +49 160 1498106
Jone: +49 160 1428420

Vaeret i dag:


Husa i bakgrunnen er ein del av studentbyen me bur i.

torsdag 20. mars 2008

Byräkrati og handling

No har me vore i Tübingen i eit par dagar, og det meste ser veldig bra ut her! Dä me kom skulle me ta oss fram til ei adresse og finne Vonheimverwaltung, som skulle gi oss leilighet. Forvaltningen minna om eit gamalt norsk trygdekontor, og Frau Hartmann tok imot oss i beste byräkratiske tradisjon. Etter eit par raske hjartebank som handla om kausjon, kontrakter, bekreftelse pä at me ikkje har bil 
eller ikkje har tenkt ä fä barn (!) mens me er her, vart me sende til Der Hausmeister for vär bygning. Han hadde imidlertid kun kontortid mellom 0830 og 
0900, samt 1530 og 1600, sä me säg for oss lang ventetid. Men mens me kikka rundt oss, kom det ein kar bortover gata me var i. 
Me henvendte oss forsiktig med eit 
"unnskyld".

"KVA har de öydelagt?", svarte han og kikka strengt pä oss. Han hadde grätt, stritt skjegg, olabukse og dongerivest. "Me ser etter Der Hausmeister", svara me roleg. Det var liten tvil om kven me hadde truffe. Husmeisteren läste oss inn i den flotte leiligheten vär og viste oss kor reint alt var der. 
Etter ei rask
og for meg lite forstäeleg formaning om at dersom det ikkje var like reint etter oss, dä kom problemene, signerte me eit papir og leiligheta var vär.

Me bur i ein studentby pä ein äs nord for sentrum i Tübingen. Det tar 10 minutt til byen med bussar som gär i ett sett, og omrädet ligg naert til der by gär over til skog og gröne marker. Boligen vär bestär av soverom, gang, bad og kjökken. Bäde soverommet og kjökkenet er säpassa rommeleg at me ogsä har kvar värt skrivebord. Bygningen ser heilt ny ut og me har vore heldige. Der Hausmeister viste seg dessutan ä vere ein lun kar.

Dagane etter me kom har gätt med til ä bli kjent rundt i byen, samt handling, handling, handling. Leiligheten vär er möblert, men ellers ikkje utstyrt. Det har derfor blitt säre bein etter all labbinga rundt mellom ulike butikkar, men me har til gjengjeld blitt raskt kjent i byen.

Veret er omlag som heime og folka ser normale ut. Det har til vär overrasking vore usedvanleg lett ä komme i kontakt med folk og me har fätt nokre fine pratar rundt omkring. Tübingen er dessutan ein veldig flott by og svarar sä langt sä absolutt til forventingane. Det fär bli meir seinare. No stenger internettkafeen i studentbyen vär. 

Jone

fredag 14. mars 2008

Ein av våre siste dagar på Talgje




I dag har det vore ein fantastisk fin dag på Talgje. Etter å ha opplevd storm etter storm i løpet av dei tre månadane me har budd på Talgje, var det kjærkome med ein skikkeleg vårdag.






Jone har i dag avslutta prosjektet på "småbruket", så i morgon skal sauene flytte inn på det nye beitet. Eg har vore rundt med ikkje mindre enn to kamera, og alt frå blomster og doggdråpar i graset til utsikt og skyer er blitt fotografert.





Fint vær og sjøliv høyrer samen, så me hadde eit par timar på stranda. Eg er ikkje like tøff som før, så det blei ikkje bading. Det blei heller kvar vår strandstol og middag grilla på bål.

Innimellom kjem det ei og anna regnbyge. Heldigvis - ellers var det ikkje mykje som hadde blitt pakka. Både bokhyller og klesskap blir tømt, og tinga sortert etter om det skal få vera med til Tyskland eller ikkje.





Huset me har budd i sidan jul er eit gamalt gardshus som nyleg vart restaurert. Her kan kven som helst feriere. Meir informasjon på http://www.fe-wo.no/