søndag 27. april 2008

Grillfest i parken

Mens studentar i Norge pensar seg inn på eksamen, semesterslutt og sommar, har dei studerande i Tübingen akkurat kome igong med eit nytt semester. Også me har funne ein slags kvardagsrytme her i Tübingen. Etter at me drog hit rundt påske tok me til med eit språkkurs og etter at det var over, har me dei to siste vekene starta vanlege studier. I tillegg til språkstudier i tysk tar me liknande fag som me er vane med frå Oslo. Marte med matematisk analyse og eg med sosialpsykologi og interkulturell kommunikasjon. Det skal iallefall ikkje stå på navnet...

Studiene går stort sett greit, sjølv om det av og til kan vere vanskeleg å forstå det som blir sagt. Men tysken vår kjem seg, smått om senn. Dessutan er det mykje greie folk her som tar seg tid til å forklare litt ekstra for ein stakkarsleg utlending.

Ein dag var me saman med 40 andre frå språkkurset på grillfest på Neckar Insel, ei øy i elva som renn gjennom Tübingen. Veret var fint og me storkosa oss i parken. Det er kjekt å halde kontakten med gjengen, fordi me har blitt spredd rundt til alle kantar av byen i tida etter startkurset. På kurset var det folk frå eit titalls ulike nasjonar. Alle har me reist til Tübingen for å lere betre tysk, bli kjent med nye folk og for å studere i Tyskland. Denne dagen nøyt me det.





På elva Neckar kan ein leige seg ein båt og la seg stake gjennom den vakre byen.


Tid for reise

Sidan me ikkje har så mange månadane i Tübingen må me nytta anledningane me har til å reise rundt i området. I går gjekk turen til Sigmaringen saman med Jessica frå Sverige. Målet blir ikkje valgt ut frå kva me har høyrt om plassane, men ut frå kor me kan reise med vår Semester-ticket (€ 47,50,- for heile semesteret!). Hadde me likevel då visst det me veit nå om Sigmaringen hadde det nok blitt valget vårt likevel.
Etter 1,5 times togtur med flott utsikt var me framme i Sigmaringen, ein by med ca. 26 000 innbyggarar. Me hadde smørt oss niste og langa ut opp gjennom bakkane for å finne ein fin plass for piknik. Toppen me hadde peika oss ut mangla grasbakken me hadde håpa på, men utsikten var derimot betre enn venta. Spesielt fin var den gjennom solbrillene til Jessica.



Me beundra slottet, kosa oss på is-kafé og saumfór gamlebyen. Jessica og Marte tok turen opp på eit "fjell". Der var det nydeleg utsikt, med det majestetiske slottet ovanfor elva Donau som renner gjennom byen. Jone tok heller turen til parken der han fann to trær i passeleg avstand for hengekøye. Hadde det ikkje vore for at toga gjekk så sjelden heimatt, hadde me fint blitt ein time til.
Studentlivet e' deiligt!

onsdag 23. april 2008

Sannhetens time

På oppfordring frå fleire av våre lesarar lar eg sanninga komme fram for dagen.

Etter at eg måtte selge stolen tilbake til butikken og reise stollaus heim til Marte, var eg svært nedrulla. Eg søkte trøst hos ein kamerat, Martin. Som ungararar fleist veit han alltid ei råd, og foreslo derfor at eg og han skulle låne sykkelen til ei venninne av oss frå Sverige. Med sykkelen skulle me ta bussen til butikken og hente stolen min heim, sa Martin. Eg var skeptisk. Stolen var stor og vegen var lang, sa eg. Dette meinte Martin at ikkje var noko å syte over. Eg takka ydmykt for tilbudet og me vart einige om at turen opp bakkane ville vere bra for vår Gesundheit. Saman la me strategiar for pålasting, surring og transport av det fabelaktige møbelet. Me fann ut at det kunne vere smart å gå ein på kvar side av sykkelen. Turen berekna me til to timar.

(illustrasjonsfoto)

Då me hadde kikka på værmeldinga og sagt over telefonen at jo, i morgon var dagen, og lagt på, då kom Marte heim. Ho hadde vore i byen på kafe med ei ny vennine. Ho hadde fått seg ein venn den kvelden. Slik hadde det seg. Vennen hadde bil og slutten på historien er derfor langt mindre spanande enn det bygga seg opp til. Martin og meg har dessutan eindel jogging å ta igjen for å kompensere for tapet av eit interessant transportprosjekt og treninga det ville ha gitt oss.

måndag 21. april 2008

Siste nytt

På mystisk vis havna det ein deilig lenestol inn i vår stove. Til dei som har følgt med oss ei stund kan me fortelle at ja, det er den same stolen. Stolen!

Plassen ved sida av Marte er reservert.

I grenseland

Sidan me ikkje hadde komt skikkeleg igong med semesteret enda hadde me fri ein dag i forrige veke og drog på utflukt. Me hadde høyrt venord om Bodensee og byen Konstanz eit stykke sørover frå Tübingen. På vegen nedover måtte me byte tog eit par gonger, og fekk derfor ein liten time i den vene
byen Horb. Her var det mange flotte
gamle bygningar, kirker og festningar. Tre kvarter var akkurat nok til å sjå seg rundt i Horb, så fòr me vidare mot sør.




Med gode utsiktsforhold drog me i toetasjars tog gjennom snødekka
dalar og kom etterkvart til Konstanz og Bodensee. Det var flott å sjå sjø igjen (sjølv på 400 meter over havet). Me strøyk straks ut på kaien og skuva den disige innsjøen. På andre sida kunne me skimte Alpane.

I Konstanz klatra me kyrkjetårn, var på kafè og dreiv mysing.


Det kulaste med denne byen er at grensa til Sveits går tvers gjennom sentrum. Den sveitsiske delen av byen heiter Kreuzlingen og den tyske delen heiter Konstanz. Og sidan sveitsarane ikkje er med i EU, er det her ei strengt bevokta tollgrense. I praksis er det som om det skulle gå ei landegrense tvers gjennom Hillevåg. Me fekk høyre at mange bur i Kreuzlingen og arbeidar i Konstanz. Dei må derfor ha med seg pass til jobb.

onsdag 16. april 2008

Om ein stol

Eg har sidan me kom hit hatt lyst på ein stol. Ein komfortabel lenestol. Me leier boligen vår møblert, men møblene passar betre på eit tannlegekontor enn i ein hybel. Tresmak i baken er viktige stikkord for å forstå min iver etter eit komfortabelt møbel.


I går satte eg derfor kursen mot Französisches Viertel- Det franske kvartal. Her er eit utsalg med rimelege møbler. Eg peka meg ut ein flott stol og var overraska over den gunstige prisen. Han var brei og fin, faktisk såpass stor at både Marte og meg kunne få plass i han, dersom me satt litt oppå kvarandre. Stolen var som ein liten sofa. Allikevel ville han passe fint inn i kroken eg hadde sett meg ut heime hos oss. Stolen var perfekt.


Men korleis skulle eg få han med meg heim? Dama i butikken ringte etter drosje. Og mens ho prata i telefonen tok ho til å måle stolen eg skulle kjøpe. “Han er for stor”, var svaret. Dersom stolen ikkje gjekk inn i eit ganske normalt bagasjerom, fantes det ikkje store nok drosjebilar i byen. “OK, men kan dere levere?” spurte eg. Det kunne dei, men kun med ein stor lastebil som det kosta mange pengar å drive. Det ville bli dyrt. “Kjenner du ingen med bil”, spurte dama. Det gjorde eg ikkje. Og då gjekk det opp for meg at omtrent alle eg kjenner her er utvekslingsstudentar frå fjern og nær. Helst frå fjern. “Ikkje bil, for dyr levering og ingen bilande vener. Eg tar bussen”, sa eg. Butikkdama såg på meg, kikka på stolen, kikka på meg igjen, tvilte og meinte at stolen var ganske stor.


Eg gjorde eit kjapt søk i mitt erfaringsregister og fann ut at nei, det går bra. Eg har nemleg ved fleire høve heime i Norge bussa med medbragt stol. Ja, endog eit flatpakka dusjkabinett har fått reise kollektivt saman med meg. Dette skulle gå fint.


(illustrasjonsfoto)


Eg bar stolen ned og ut på gata. Eit par folk kikka litt rart etter meg idet eg gjekk dei tohundre metrane til busstoppet. Marte hadde nekta å vere med på dette toktet, fordi ho alltid syns det er flaut når eg har med meg stol på bussen. Ho om det.


Då bussen kom og bakdøra glei opp, smatt meg og den nye stolen min elegant inn der kor barnevognene pleier å stå. Når stolen stod på høgkant på sida av meg, tok han ikkje så mykje plass. Bussane i Tübingen er dessutan store. “Hei, du med stolen!” Det var bussjåføren. "Den der kan du ikkje ha med deg her." “Jamen, det er bare for to stopp”, prøvde eg meg. Eg måtte nemleg byte buss etter ikkje så lenge. “Du kan ikkje ha med deg LAST på bussen”, gjentok sjåføren. Eg forstod raskt at det her eksisterer tyske reglar med tysk byråkrati i ryggen. Det bare var til å gløyme å stole på bussen.


Etter at han hadde kasta meg av, kjørte bussmannen vidare. Så der stod eg med den perfekte stolen. Omtrent så langt frå heimen min som det lar seg gjere å komme innanfor byens grenser. “Kva nå?” tenkte eg. Vanlegvis ville det vore ei råd. Eg mimra frå då eg som tiåring brakte min første sofa heim frå loppemarked ved hjelp av ein kamerat og ein sykkel. Nå såg det derimot håplaust ut.


Eg bar stolen tilbake til butikken og byrja å spørre ulike andre kundar om skyss etterkvart som dei kom ut av butikken. Men enten hadde dei “for små bilar” eller “for lite tid”. Men eg forstår dei godt og. Ein vimsete utlending med altfor stor stol og gebrokken og fomlete tysk ber om skyss. Neitakk.


Så eg måtte med hengande hode levere tilbake stolen og få euroane mine igjen. Det heile er i grunnen ganske trist. Vel heime med tresmak i baken minner eg meg sjølv på at eg eigde den perfekte stolen. Så nær, men allikevel så fjern. Det pleier å ordne seg for snille gutar. Men ikkje denne gongen. Ikkje i Tyskland. So ist das Leben.


søndag 13. april 2008

Me tenker det er på tide å vise litt bilder frå den vakre byen me bur i.

Eit klokt hode skal visstnok ha sagt: Tübingen har ikkje noko universitet. Byen er eit universitet. Overalt kor ein fèr ligg det eit fakultet, studentboligar eller eit kontor for universitetet, som blei stifta på 1400-talet. I Tübingen er me mange utanlandske studentar, men dei fleste kjem frå andre stader i Tyskland. Av 83 000 innbyggarar er over 20 000 studentar, og folka i Tübingen har dermed yngst gjennomsnittsalder i landet.

Gamlebyen består av sentrumsbutikkar, bakeri, restaurantar, pubar, marknader og mange trange gater og smau. Husa er av typen Fachwerkhaus og er tradisjonelle for området. Dei gamle bygningane er relativt høge med mellom fem og sju etasjar, så inntrykka blir annleis enn i Gamle Stavanger. I dei trangaste gatene kan ein nesten ikkje sjå himmelen. Husa er nemleg bygga slik at for kvar etasje så aukar grunnflata. Første etasje er med andre ord minst, sjuande etasje er størst. Avstanden mellom to hus kan dermed være tre meter på gateplan og ein meter ved taket.

På rådhusplassen er det frukt- og grøntmarknad.

Elva Neckar er ei av sideelvene til Rhinen. Ho passerer Tübingen i bedageleg tempo, og deler byen i den gamle- og den nye delen.


Bildet er teke frå ei øy i elva. Her er det ein flott park med mange duer og studentar.

Det går også mange mindre kanalar og bekkar gjennom byen. Her har kvart hus si eiga bru.

Tübingen er ein veldig triveleg by for oss. Byen er ikkje større enn at ein i løpet av kun eit par dagar har eit godt overblikk og veit sånn omtrent kor ting ligg hen. Der me bur er me dessutan nært til skog og mark, samstundes som sentrum kun er ein kort busstur unna. Men på tross av relativt små forhold, har Tübingen eit stort universitet med eit rikt studietilbud.

Leiligheten vår



Her kan du få ein tredimensjonal visning av vår residens.

torsdag 10. april 2008

Duer og brød

Det er ikkje alltid me er like begeista for brøda her i Tyskland. Enten er det for lyst eller for surt. Potetbrød smaker greit, men gir ein litt vond ettersmak av gamle kokte poteter. Duene derimot liker det veldig godt.

søndag 6. april 2008

Utflukt til Stuttgart

I går reiste me 20 utvekslingsstudentar frå språkkuret til Stuttgart. Turen tar litt over ein time kvar veg med tog. Me kjøpte gruppebillett, noko som gjor at det ikkje kosta meir enn 45 kroner tur-retur per person. Det er vel omtrent det det koster å reise frå Stavanger til Sandnes, ein veg. På heimvegen fekk me til og med reise med 2-etasjers tog. Sjølvsagt sat me i øverste etasje.

Stuttgart er ein stor by - omtrent som Oslo. Der er ei kjempelang handlegate (større enn både Langgata i Sandnes og Karl Johan i Oslo). Det er også ein del store flotte bygningar, mellom anna eit slott. Desverre var det denne dagen det verste regnværet som har vore sidan me kom hit (omtrent som ein vanleg dag i Norge, men uten vind), men litt fekk me sett likevel.

Jone, Martin og Jessica

Jone og eg er litt uenig angåande når det gjeld bilder av bygningar, utsikt og liknande. Jone synes det er fint om eg er med på bildet, men eg må vera i kanten så eg ikkje skuggar for det som det egentlig blir tatt bilde av. Eg meiner at det er betre å ta to bilder, eit med utsikten og eit der eg er i sentrum (ja, eg liker å bli tatt bilde av). Resultatet blir då ofte som nedanfor. Til venstre: Jone ville ta bilde av eit fint tårn, og eg har fått vera med nede i venstre hjørne. Til høgre: Eg hopper framfor kamera akkuratt idet Jone skal ta bildet, bare for å sikre at eg av og til får vera sentum i bildet.

torsdag 3. april 2008

Det du ikkje visste om Tyskland

Når ein kjem til eit framand land, det kan vere langt borte eller ganske nærme, treff ein som regel på rariteter. Me som er nordmenn veit at me bur i verdas beste land i heile verda, og vil derfor ha ting mest mogleg likt som heime. Melka skal smake norsk, brødet skal vere slik som frå Prixen på Stokkaveien, og syltetøyet skal ikkje vere for surt, ikkje for søtt, og ikkje med vaniljesmak. Nei, det skal vere som heime. Godt.


Eg har snekra saman ei lita liste med tyske ting som ikkje er som heime:



1. Melkekartongen har strekkode langs heile sida. (Altså ingen påskekrim).





2. Toalettpapiret har fire lag. Effektivt og slitesterkt.





3. Har du prøvd å slurpe hul spaghetti? Det lar seg ikkje gjere å skape undertrykk i munnen ettersom frisk luft trenger inn frå botnen av spaghettien. Dermed blir han hengande. Eller på-stedet-hvil, om du vil. Nedanfor ser ein Marte bruke spaghetti som sugerør.



Ellers alt vel.