fredag 14. mars 2008

Ein av våre siste dagar på Talgje




I dag har det vore ein fantastisk fin dag på Talgje. Etter å ha opplevd storm etter storm i løpet av dei tre månadane me har budd på Talgje, var det kjærkome med ein skikkeleg vårdag.






Jone har i dag avslutta prosjektet på "småbruket", så i morgon skal sauene flytte inn på det nye beitet. Eg har vore rundt med ikkje mindre enn to kamera, og alt frå blomster og doggdråpar i graset til utsikt og skyer er blitt fotografert.





Fint vær og sjøliv høyrer samen, så me hadde eit par timar på stranda. Eg er ikkje like tøff som før, så det blei ikkje bading. Det blei heller kvar vår strandstol og middag grilla på bål.

Innimellom kjem det ei og anna regnbyge. Heldigvis - ellers var det ikkje mykje som hadde blitt pakka. Både bokhyller og klesskap blir tømt, og tinga sortert etter om det skal få vera med til Tyskland eller ikkje.





Huset me har budd i sidan jul er eit gamalt gardshus som nyleg vart restaurert. Her kan kven som helst feriere. Meir informasjon på http://www.fe-wo.no/


1 kommentar:

Åge sa...

Takk for at de ville leiga huset og ta vare på det og båt i 3 mndr. Lukke til i Tyskland.