torsdag 20. mars 2008

Byräkrati og handling

No har me vore i Tübingen i eit par dagar, og det meste ser veldig bra ut her! Dä me kom skulle me ta oss fram til ei adresse og finne Vonheimverwaltung, som skulle gi oss leilighet. Forvaltningen minna om eit gamalt norsk trygdekontor, og Frau Hartmann tok imot oss i beste byräkratiske tradisjon. Etter eit par raske hjartebank som handla om kausjon, kontrakter, bekreftelse pä at me ikkje har bil 
eller ikkje har tenkt ä fä barn (!) mens me er her, vart me sende til Der Hausmeister for vär bygning. Han hadde imidlertid kun kontortid mellom 0830 og 
0900, samt 1530 og 1600, sä me säg for oss lang ventetid. Men mens me kikka rundt oss, kom det ein kar bortover gata me var i. 
Me henvendte oss forsiktig med eit 
"unnskyld".

"KVA har de öydelagt?", svarte han og kikka strengt pä oss. Han hadde grätt, stritt skjegg, olabukse og dongerivest. "Me ser etter Der Hausmeister", svara me roleg. Det var liten tvil om kven me hadde truffe. Husmeisteren läste oss inn i den flotte leiligheten vär og viste oss kor reint alt var der. 
Etter ei rask
og for meg lite forstäeleg formaning om at dersom det ikkje var like reint etter oss, dä kom problemene, signerte me eit papir og leiligheta var vär.

Me bur i ein studentby pä ein äs nord for sentrum i Tübingen. Det tar 10 minutt til byen med bussar som gär i ett sett, og omrädet ligg naert til der by gär over til skog og gröne marker. Boligen vär bestär av soverom, gang, bad og kjökken. Bäde soverommet og kjökkenet er säpassa rommeleg at me ogsä har kvar värt skrivebord. Bygningen ser heilt ny ut og me har vore heldige. Der Hausmeister viste seg dessutan ä vere ein lun kar.

Dagane etter me kom har gätt med til ä bli kjent rundt i byen, samt handling, handling, handling. Leiligheten vär er möblert, men ellers ikkje utstyrt. Det har derfor blitt säre bein etter all labbinga rundt mellom ulike butikkar, men me har til gjengjeld blitt raskt kjent i byen.

Veret er omlag som heime og folka ser normale ut. Det har til vär overrasking vore usedvanleg lett ä komme i kontakt med folk og me har fätt nokre fine pratar rundt omkring. Tübingen er dessutan ein veldig flott by og svarar sä langt sä absolutt til forventingane. Det fär bli meir seinare. No stenger internettkafeen i studentbyen vär. 

Jone

Ingen kommentarer: