tysdag 26. august 2008

Inaktiv blogg

Denne bloggen fortel om Marte og Jone sitt studieopphald i Tyskland, våren 2008.

Det blir ikkje lagt ut nye innlegg her, men ein kan lese ved å bla seg nedover eller finne eldre innlegg i menyen til høgre.






.

måndag 28. juli 2008

Ei flott tid er over - men me har det supert likevel

Tida i Tübingen har vore topp, og me er veldig takksame for muligheten som me fekk. Me har fått mange nye vener, fått sjå nye plasser, fått lære mykje meir tysk, men no er altså det heile over. Dei fire månadane gjekk fort, men me har mykje å sjå tilbake på. Her kjem eit lite utdrag av det me har fått oppleve:

Reise
Roing
Fint vær
Lenestol
Rare ting...
Gode venner
Stocherkahn
Besøk frå Norge
Ein flott menighet
Internasjonalt kor

Me er tilbake i Norge, og det er heller ikkje så verst. Me kjem ikkje til å lage fleire blogginnlegg framover, men avsluttar med ein liten stemningsrapport frå sommardagane på Talgje:





tysdag 22. juli 2008

Obsideisis

I går drog me frå Tübingen og kom ikkje så langt. Giren eller klutsjen eller noe slikt, var ikkje heilt seg sjølv. Så me havna på verkstad. Men alt er vel og forhåpentlegvis kan me kjøre vidare i ettermiddag. Sidan me hadde planlagt litt god tid på heimvegen, har me litt å gå på...


hell i uhell
Lastebilen tok oss til eit koseleg hotel, der me har det veldig flott. Hotellets eigar er ein triveleg kar med ein hund på to kilo.









.

måndag 21. juli 2008

Farvel Tübingen

I dag er vår siste dag i denne tyske universitetsbyen, som i løpet av dei siste månadane har fått ein stor plass hos oss.

Foreldrene mine er på bilferie i Tyskland, og me er så heldige at dei er komne hit for å hente oss. Så akkurat no prøver Pappa å stue alt vårt gods inn i Vectra´en, Mamma vasker kjøkkenet, Marte pakkar kler og eg trykker på dataen (ja, eg har det godt...).














Me har også måtte ta avskjed med mange gode vener. Når ein er utvekslingsstudentar saman, blir ein godt kjende og det er trist å reise frå folk. I går fekk me litt tid saman med Jessica frå Sverige og Marci frå Ungarn. Me håpar at me det ikkje går så lenge før me kan treffe dei igjen.

I dag set me kurs nordover, men tar oss god tid, så det blir litt ferie på heimvegen. Og sjølv om det er litt trist å reise frå Tübingen, ser me veldig fram til å komme til Stavanger og Talgje igjen mot helga, og heim til Oslo mot midten av august.

laurdag 19. juli 2008

Mot avgang...

I går var siste kveld i menigheten vår i Tübingen. Det var stellt i stand ein liten avskjedsfest for oss og Sebastian, som reiser for å studere i Nord-Tyskland. Me fekk ein paraply der alle hadde skrive ei lita helsing. Fekk og ei "spätzle-presse" og kokebok med lokale rettar. Spätzle er ein type pasta som blir mykje brukt her sør i Tyskland.


Me har hatt veldig mykje kjekt saman med folka i menigheten og er blitt kjempe godt tatt imot. Fellesskapet der blir nok blandt det me kjem til å savne mest. Ein av sangane me har sunge og som seier mykje (for dei som forstår tysk) om fellesskapet me har i menigheten, er:

Gut, dass wir einander haben
gut, dass wir einander sehn.
Sorgen, Freuden, Kräfte teilen
und auf einem Wege gehn.

Gut, dass wir nicht uns nur haben,
dass der Kreis sich niemals schließt
und dass Gott, von dem wir reden,
hier in unsrer Mitte ist.

I går kveld måtte me og ta avskjed med vår kjære lenestol. Den har virkelig vore verdt pengene, og me håper Ruth og Jörg får like mykje glede av den som me har hatt. Det var ei tung stund for Jone... Fint viss dåkke kan komma me' någen trøstande ord. :)

måndag 14. juli 2008

Kaktus-ordførar

Då me kom her til Tübingen, melde me oss inn i eit kor i regi av Universitetet. Der er det stort sett utvekslingsstudentar, derav navnet Internasjonalt kor.


Me har hatt mykje kjekt saman, og har blant anna lært sangar om Tübingen, tango, våren og om små grøne kaktusar. Sistnevnde blei framført under sommarfesten til Universitetet forrige helg:


Mein kleiner grüner Kaktus,
steht draußen am Balkon.
Holari, holari, holaro!



Så då orføraren (der Oberbürgermeister) like etter oss steig opp på scenen med knallgrøn skjorte og tredagars-skjegg, var det til stor begeitring for både publikum og lokalpresse.

På bildet på toppen er me på avsluttingsfest og syng for andre besøkande. Her var også ei gruppe Kamerunarar, og etter at me hadde sunge for dei, opptrådde dei for oss. Me avslutta kvelden med afrikansk sang og dans.

Ellers er me i ferd med å runde av studiene i Tübingen. Det er både kjekt og rart. Om halvanna veke er me tilbake i Stavanger, og då er alt dette over. Litt trist.
.

onsdag 9. juli 2008

Søsterbesøk, sykkeltur og speling

Fredag til onsdag, for ei veke sidan, var me så heldige å få besøk av Heidi. Me hadde ei flott veke saman, med mykje snakking, turar, mat og spel.

I alle år har Heidi og eg brukt mykje tid framfor speilet på badet heime, der me har tatt "søskenbilde" frå alle verdas land. Denne gongen blei det ikkje liksombildet framfor speilet, men eit skikkeleg bilde framfor Bebenhausen.

Etter gudstjeneste på søndag tok me, slik som me pleier, gjesten vår med på Stocherkahn-tur. Me hadde fire deilige timar på elva, med grillmat, bok og sol.

Tirsdagen leigde me syklar og la ut på tur i over 30 varmegrader. Turen gjekk frå Reutlingen, 350 meter opp til Schweäbische Alb (med opptil 17% stigning), sør til Entringen og nordover om Schloss Lichtenstein. Dette slottet ligg heilt på enden av eit stup og eg kan ikkje forstå at det fortsatt står. Turen opp (på baksida) var tung, men absolutt verdt det.

Gartnerdøtrene fekk og tid til ein tur i Neue botanische Garten. Her, og ellers i løpet av veka, var det ikkje få blomsterbildet som blei tatt.

Ellers har me absolutt fått med oss at brettspel er ein god del billigare her enn heime. Dette må nyttast, og siste innkjøp var "Zug um Zug", i Norge bedre kjent som "Ticket to Ride". Det er ikkje få timar siste veka som har gått med til dette spelet, her saman med fire kjekke folk frå menigheten vår; Benaja, Jörg, Ruth og Danilo.

.

fredag 4. juli 2008

Grønlandsfarar


Vår kjære far og svigerfar har dratt til Grønland. Her skal han arbeide på ein gartneri-forsøksstasjon fram til oktober. Han skriv om folk og liv på reisa si på:

http://josteingard.blogspot.com/

Så mens han må halde varmen i temperaturar ned mot 0 grader, held me på å renne bort i Sør-Tyskland. Den siste tida har det vore mange dagar med bortimot 35 grader, og ganske fuktig luft.

Men eksamen og oppgåvelevering nærmar seg, så då gjeld det å halde hodet kaldt. Slik som Jostein på Grønland.

søndag 29. juni 2008

Det du ikkje visste om Tyskland III

Mange ting er annleis i utlandet, og nokre ting er ikkje heilt som forventa. Her kjem neste episode i vår spanande og publikumsbelønna serie om det du ikkje visste om Tyskland.


Nudiststudent
Universitetet i Konstanz tilbyr noko såpass uvanleg som ei eiga badestrand til studentane sine. Og ikkje nok med det, det er enda til ei nudiststrand. Vil du studere naken? Dra til Bodensee!



Fotballfest

I desse EM-tider gjer folk i Tyskland mykje rart. Blant anna blir dei så glade etter ein seier at dei kjører rundt i byen med tuta på, i omlag ein time etter kampen. Ei rekke på kanskje 20 bilar lagar urovekkande mykje lyd, særleg rundt leggetid. Eg har forhøyrt meg litt, og det skal visstnok også vere lovleg. Tut & kjør.



Norsk oppvask
Dersom ein har vore nedover her, har ein kanskje fått med seg at dei fleste bruker svamp når dei skal vaske opp. Greit nok det. Men dersom ein er så heldig å finne ein oppvaskkost i butikkane her, så heiter han attpåtil "Norweger". Det er godt at me har bidratt til verdenssamfunnet.

Et lite stykke Norge


Intimt
Folk i Tyskland står oss nært. Av og til litt for nært. Når me pratar, skiller det ein halv meter mellom oss. Det luktar kvitløk, og eg tar eit skritt bakover. Han følger etter. Dermen skiller det framleis ein halv meter mellom oss. Eg rygger, men møter ein vegg. Kva skal eg gjere?

Intimsonestatistikk viser at nordmenn og folk frå Finland er dei i verda som vil ha lengst avstand til ein samtalepartnar. Intimsona til ein nordmann måler heile 1,1 meter!

Dette var kanskje ikkje om Tyskland, men om oss, tenker kanskje du nå. Det har du nok rett i.

Her ser me to nordmenn som trossar intimsonene sine.


Eit skilt for alt
Det er ein kjend sak at tyskarane er glade i orden. Men at det fekk så sterke utspill, overraska iallefall oss. Biletet er ikkje frå Wegwecenet sitt lager, men frå ein ganske vanleg skogsveg like der me bur.

.

onsdag 25. juni 2008

Neckar entlang

Siste veka har me hatt besøk av Torstein frå Stavanger. Mellom øktene på universitetet fekk me blant anna tid til ein dag på elva Neckar. Me drog ein time med tog til Sulz, der me leigde oss kano og kajakk. Ovanfor smiler Torstein og Marte om kapp med blomane, før avgang Sulz.

Kva venter rundt neste sving? Det blei ein storarta dag der våre sinn raskt inntok elva sin rytme. Stundom gjekk det roleg for seg, andre gonger pumpa hjarta i takt med stryka som me passerte. Nedanfor ser ein Marte på veg ned eit slikt.


play

Etter at 16 km var tilbakelagt var me i Horb. Padleturen var over og me satte oss på toget heimover. Me var alle einige om at ein elvetur var tingen. Naturen blir som eit evigvarande framkomstmiddel; ein treng verken bruke åre eller motor. Elva tek ein fram utan strev. Då kan ein la tankane surre, kikke på det skiftande landskapet som ein sig gjennom, eller slå av ein drøs. Det er fint.









Pause i Fichingen.

laurdag 21. juni 2008

Stedsnavn i Tyskland

Bilprodusentar har av og til problemer med at navna dei gir modellane sine betyr rare ting på framande språk. Dette har vist seg også å vere gjeldande for stedsnavn. Nedanfor presenteres ei eksklusiv topp-ti-liste med snåle navn på byar og småstader i Sør-Tyskland, spesielt utarbeida for våre lesarar.


Play
.

onsdag 18. juni 2008

Ro, ro, ro din båt

I starten av semesteret meldte me oss på rokurs gjennom universitetet. Fredag morgon 6.30 - 8.00. Du synes kanskje det er litt tidleg? Det gjer me og... Likevel har me klart å komme oss opp, og har hatt någen fine morgonar på elva Neckar. Her er det ikkje snakk om færinger, men konkuransebåtar med fire roarar og ein kombinert styrmann og sjauar. Det som då blir utfordringa er at ikkje årene kolliderer. Slik roing er vanskeleg, for alle må jobbe saman og halde fokus. Fer det ein båt forbi (som Jone ville se på), kjem han litt ut av rytmen og alle må stoppe og finne rytmen på nytt.

Ein gong i året blir det arrangert tur til Bodensee for å ro ein lengre tur og for å øve på å komme seg opp i båten igjen dersom han velter. Me greip muligheten og reiste saman med 15 andre frå roklubben til Bodensee på lørdag. Dette er Tysklands største innsjø og ligg sør for Tübingen på grensa til Sveits. På Bodensee er det mange båtar og alltid mykje som skjer.


Første post på programmet var kantring. Då var det fram med veltepetterane, slik at me var garantert å tippe over. Dette blei årets første bad for oss begge to, og "badepyså" Jone tok seg til og med ein ekstra svømmetur i Bodensee.

Etter grilling la me ut på langtur. Med fire båtar kryssa me Bodensee, frå Insel Mainau (svensk øy!*) til Unteruhldingen. Der gjorde me strandhogg og koste oss med is. På ein dag med både sol og litt vind er det mange båtar på sjøen og dermed også bølger frå alle kantar. Av og til slo bølgene opp i båten, men for det meste oppførte dei seg pent og halt seg på sjøen.

*Insel Mainau: Øya blei gitt til ein svensk prins som medgift, då han ein gong for lenge sidan gifta seg med ei tysk prinsesse. Søtt.

.

søndag 15. juni 2008

Ein familie og ei borg

Forrige helg hadde me besøk av familien vår frå Stavanger. Me hadde funne ein feriebolig til dei her i Tübingen, og forventningane var store. Det er spesielt kjekt å treffe folk ein er glade i når ein er i utlandet over tid, og me hadde ei veldig flott helg saman. Dagane gjekk med til å kikke på byen, konsert i Bebenhausen, tur på elva og utlukt til ei borg ikkje så langt frå Tübingen.

Mamma og dei andre rosene kosa seg på balkongen.

Marting og Vegard støttar kvarandre på veg opp den bratte bakken mot Østerberg.

Då me var på Stockerkahn-tur på elva, fekk eg prøve meg litt med stokken.

Så gjekk turen til Burg Hohenzollern. Denne festningen har slott med flotte ballsalar, mange hemmelege gangar, to kirker og mykje flott utsikt. På ein haug tronar borga 300 meter over det ellers så flate landskapet. Festningen som i dag står her er den tredje i rekka. Den første blei brendt ned av ein misfornøgd bror i samband med eit arveoppgjer, den andre blei øydelagt av forfall, og den som står i dag er kun 150 år gamal.









Hohenzollern har tidlegare tilhøyrt ulike keisarfamiliar i Tyskland, og er enda i privat eige. Etterkommarane av desse keisarane har arva borga i tur og orden, og Hohenzollern eiges i dag av ein ungkar-prins på 35 år som bur i Berlin. Så dersom du sit med ein prinsessedraum i magen, er det sikkert bare til å ta kontakt.

Her lar familien Ullenes lunsjen få sige, godt verna av festningsmurane på Hohenzollern.
.

tysdag 10. juni 2008

HEIA SVERIGE!
(leses med svensk tonefall)


I ein studentby med internasjonale studentar frå dei fleste land i Europa er EM ekstra spennande. For same kven som speler er det nokon sitt lag. Det at Norge ikkje er med er det nok ikkje me som er mest leie oss for. Då måtte me jo fylt med...

Sist Jone var på fotballkamp var Viking - Rosenborg for to år sidan. Sidan den gong har han lært kor lenge ein kamp varer, og syntes derfor det var nok med ein halv. Vår svenska syster Jessica ba om nabohjelp til å heie landet sitt fram. Me kledde oss derfor i gule og blå t-skjorter og gjekk til ein stuentpub med storskjerm like der me bur for å få med oss andre omgang. Trur det må ha hjulpe at me kom og heia, for i løpet av 5 min fekk Sverige ballen i mål to gonger.

Jessica har laga flagg av filt for høvet.

laurdag 7. juni 2008

Små ting frå ein stor kvardag

Då fotballen for i elva, skulle ei jente frå Australia prøve å hente han inn med pinnen. Men ho lente seg litt for langt ut og vips så var det gjort. Sidan ho allikevel var der, tenkte ho, kunne ho jo like gjerne bare hente ballen.

I tida etter at me alle kom hit, var det eindel forvirring om postkassar. Ikkje alle hadde fått vite kva kasse som tilhøyrte dei. Nummera var dessutan litt forvirrande og ikkje alltid i samsvar med kva rom ein budde i. Her ser ein Martin og Sean som prøver nøklane sine i alle kassane. Martin sin passa i fire ulike postkassar, Sean sin bare i tre...
.

måndag 2. juni 2008

Livet er for kort til å lære tysk

Me driv for tida med nok eit språkkurs ved universitetet. Denne gongen går me visst i dybden (med blanda følelsar, frå mi side). Plusquamperfekt og partisippar, futurum og modalverb. Og eg som bare ville prate tysk...

Men så enkelt skal det ikkje vere. Ein må nemleg har ei rett tunge for å halde styr på grammatikkens uransakelege verden. Ellers blir det krøll, og då risikerer ein å blande konjuktiv med temporal angabe og det er ingen som veit korleis det kan ende.

Dagens overskrift stammar frå Oscar Wilde. På tross av ein litt negativ undertone, vil eg nok ofte seie meg einig med denne Iren. Tysk er noko styr, av og til (i timen). Å prate med folk, lytte, ja til og med å synge er kjekt på tysk ("Mein kleiner grüner Kaktus, steht draußen am Balkon. Hollari, hollari, hollaro"). Men med grammatikken er det mindre hollari, hollaro.

Betre blir det ikkje når gradestokken kryp seg bortimot 35 grader, og hengekøya klør etter å få lufte seg. Men ein må vere inne å lese, eller sitte klemt mellom nokre svetteluktande folk på bussen mellom to forelesningar. Nordbuarar er ikkje skapt for slike forhold.

Men me skal ikkje (bare) klage. Utanom lekser og seminar på universitetet, har dei siste dagane gått med til flott sykkeltur gjennom frodige dalar, selskap med folk frå kirka, halde kontakten med folk heime og tørke svettedråpar frå både panne og gulv.

Neste helg får me dessutan familiebesøk, og det gler me oss stort til!
.

torsdag 29. mai 2008

Et tak for symmetrien

Eg har tidligare tenkt at gamle tak er fasinerande, og i så måte er Tyskland rette plassen å vera. Trur nok bildene seier nok om det sjølv:





Ser du likheten mellom dette taket og ryggen på ei gammel, skral ku?