torsdag 29. mai 2008

Et tak for symmetrien

Eg har tidligare tenkt at gamle tak er fasinerande, og i så måte er Tyskland rette plassen å vera. Trur nok bildene seier nok om det sjølv:





Ser du likheten mellom dette taket og ryggen på ei gammel, skral ku?

måndag 26. mai 2008

I solskinn langs Den italienske riviera.

Interrail - del 2: Som me fortalte, var me på Interrail. For ei veke sidan beretta me frå turen i Sveits. Her kjem resten frå reisa vår.

Då me etter eit par dagar i Sveits hadde kryssa Alpane og var heilt sør i landet, var me ikkje langt frå Italia og Middelhavet. Sidan me hadde fri frå universitetet heile veka, lot me oss ikkje be to gonger. Me hadde tidlegare sett eit fint bilete av ein stad som heiter Cinque Terre. Med Interrail kunne me jo dra kor me ville, så derfor satte me kursen dit. Turen frå Sveits gjekk via Milano og Genova.

Cinque Terre betyr fem stader. Desse strekk seg langs kysten sør for Genova, i Nord/vest-Italia. Me stoppa på den første og byrja å leite etter husrom. Vanlegvis sov me på ungdomsherberger, men slike fantes det ikkje på desse småplassene. Me hadde derimot ein oversikt over private Bed & Breakfast- stader i området, og byrja å leite. Veret var varmt sjølv om det var kveld, og sjøen glinsa. Eg måtte klype meg i armen. For dei som ikkje har prøvd det, er det veldig rart for nordboarar å ta tog til Syden. Men no var me altså her. I Syden.

Me forlot strandpromenaden og kom oppover ein roleg veg i ein dal. Den første plassen me spurte hos var lengst oppe i dalen, blant frodige trer og vingårdar. Skogen var roleg, bare grashoppene bidrog med si intense surring. Men det var ikkje plass til oss på dette småbruket.

Den neste staden på lista låg litt lengre nede i det som skulle vise seg å vere eit leilighetskompleks. Det byrja å bli seint og me var litt skeptiske til denne staden. Det var ingen skilting og mange (veldig mange) trapper. Etter å ha blitt skremt av to hundar, traff me ein kar som kunne fortelle at jo, dei hadde plass. Rommet viste seg å vere ein kjekk, liten leilighet øverst i terrasseblokka. Her var vakker utsikt over skog og hav. Me slo til. Til høgre ser ein Marte som et frukost på takterrassen. Etter fleire dagar på reise,
var det nydeleg å vere i ein heim som me
hadde for oss sjølv. Me nøyt kvart minutt.

Frå kjøkkenglaset kunne me skuve horisonten.


Dagen etter fòr me med tog vidare langs kysten og kikka på dei fire andre småstadene. Nokre stader var det stappfullt av turistar, i andre småbyar leika ungane i gatene og det var ein roleg og god stemning.

Den lille havfruen et lunsj.

Men me hadde ei lang heimreis foran oss og kunne ikkje bli i vakre Cinque Terre for alltid. So ist das Leben, sa me til oss sjølv og putla oss inn på toget igjen. No gjekk turen austover og inn i landet. Byen som har fått skinker og pastaretter oppkalla etter seg var vårt neste mål. Me vinka farvel til havet og drog til Parma.


Før me satte kursen nordover mot Sveits igjen, stoppa me dagen etter i millionbyen Milano. Her hadde dei ein diger jernbanestasjon og ei flott kirke.






Turen heimover gjekk gjennom Sveits og til slutt var me tilbake på jernbanestasjonen i Tübingen. Me gjekk ut av den same døra som me seks dagar tidlegare hadde gått inn i. Den gongen fulle av forventningar og spenning. No fulle av erfaringar og minner. Dessutan var ryggsekken ødelagt.


--

fredag 23. mai 2008

Lenestolsakrobatikk

Eirik demonstrerer til inspirasjon for alle livsnytarar, ulike måtar ein kan sitte i ein stol på.

































søndag 18. mai 2008

17. mai i Tyskland

Nasjonaldagen nærma seg og me venta besøk. Eirik og Frank kom frå Stavanger, Anita frå Wien. Saman med nokre andre nordmenn og norsk-studerande tyskarar, mobiliserte me til feiring. Turen starta frå studentbyen vår og gjekk roleg for seg fram til me var ute av sivilisasjon. Då me nærma oss skogen, brøyt me ut med eit heidundrandes søttandemaitog. Me sang og blåste, vifta med flag og heia. Heia Norge! (hipphipphurra).

Etter "Endelig er dagen her" fem gonger, alle versa av "Vi ere en nasjon vi med", samt eindel skarptromming og blåsing, brøyt toget opp. Flaga vart planta og nasjonalsongen ærbædigt framført. Me hadde nådd vårt siktemål og tende grillen.

Ovanfor den tidlegare omtalte klosterbyen Bebenhausen hadde me slått leir og feira i fleire timar. Enga var for høvet pynta med gule søttandemaiblomar, og me slo opp hengekøya mellom to trer.

Grillen frå Lidl fekk røyne seg på pølser, koteletter og grønsaker.


Som seg hør og bør på søttandemai, vart det arrangert ymse leiker. I tillegg til Bamsemums-på-grillspyd-leiting i enga, blåste me i ballongar til dei sprakk.


Nedanfor ser ein mange fine blomar foran eit kloster.

fredag 16. mai 2008

Mellom grøne dalar og kvite fjell


Interrail - del 1:
Sidan det nettopp var pinse, har me hatt fri frå Universitetet heile denne veka. Som om semesteret ikkje allereie var kort nok, tenkte me. Men, men. Må me ha ferie, så me me vell det...
Me drog på Interrail.


I Sveits drog me forbi blomstrande marker og kikka opp på 4000 meter høge, snødekka fjelltoppar. Det var storslagent for vestlendingar å sjå bratte fjell igjen. Dessutan fekk me reise på båttur på Zürichsee, noko som letta på trykket for sjømannen Jone.










Om nettene sov me på ungdomsherberger, noko som fungerte veldig fint. Der blei me kjende med masse kjekke folk, og me fekk godt stell.










Me drog sørover frå Tyskland utan store planar. Det betydde at kvar dag måtte få danne seg sjølv. Med Interrail kan ein nemleg hoppe av og på tog som ein vil, og det benytta me oss godt av. Derfor kunne det hende at idet me drog forbi ein fin plass, hoppa me likså godt av der og kikka litt, sat på kafe eller leita fram ein stad å sove.

Me la merke til at me begge hadde godt av å reise på ein slik måte, fordi me så ofte vil legge planar for alt mogleg, utan rom for spenning og spontanitet. Sjølvsagt kan også denne spenninga opplevast som usikkerhet, men det gjekk som regel fort over. Utan å lova at det varer, har me allikevel lært eindel av å reise på ein slik måte.













Sveits er eit kjempeflott land å reise med tog i. Alt går når det skal, det går fort og ofte, toga er komfortable og det går tog til nært sagt alle stader. Marte kommenterte på dag tre i Sveits at "NSB seier at "det går alltid eit tog", men dei skulle bare ha visst". I Sveits går det alltid eit tog. Me kunne hoppe av på ein vilkårleg stasjon for å byte til ei anna linje. Me måtte sjelden vente meir enn ti minutt. I Norge får me alltid høyre at me er ein foregangsnasjon på alt mogleg. Men, men. Me får ta det med ei ause salt.

Til tross for uttallige timar på tog, blei me ikkje leie av å reise. Me hadde tatt nokre forhandsreglar og utstyrt oss med musikk og lesestoff. Bøkene fekk likevel ofte ligge i ro, for det er alltid noko å sjå på i det flotte landskapet.

Nokre av stadene me såg i Sveits er Zürich, Luzern, Fribourg, Interlaken, Grindelwald, Flüelen, Bellinzona og Lugano. Turen gjekk gjennom eit forholdsvis lite land, men med store ulikheter. I nord pratar dei ein tysk dialekt, og skriftspråket er vanleg tysk. I vest går det i fransk og i sør høyrer ein kun italiensk. Språket går sjølvsagt igjen i kultur, gate- og stedsnavn, butikkar og så vidare. Me følte derfor ofte at me besøkte tre ulike land.

laurdag 10. mai 2008

Sushi

Blant utvekslingsstudentar kjem folk frå alle kantar av verda. Azuza og Yuka frå Japan skulle komme til oss på besøk. Dei ville ha med seg sushi, sa dei.


Det blei eit storarta måltid. Heldigvis fos oss er det vanskeleg å få tak på råd fisk i Tübingen, så det blei tunfisk frå supermarknaden. Jentene frå Japan synast det er litt rart at nordmenn som har så mykje fersk fisk, ikkje et han råd.

onsdag 7. mai 2008

Det du ikkje visste om Tyskland II

Som utsendingar frå Norden, ser me det som viktig å drive litt folkeopplysning overfor vener i heimlege stammar. Her følger den etterlengta oppfølgaren i serien om det du ikkje visste om Tyskland. Først skal det dreie seg om dyr.


Regulert åtferd

Tyske myndigheter kan åpenbart kommunisere med dyra her i byen.



Foringsstasjon

Eg er litt usikker på kva som kan seiast om dette.



Gudstjenesteskilt

Det finnes permanente oppslagsskilt for Gudstjenestar langs veien. Praktisk og eit eksempel til etterfølgelse.



Ein rar kultur



Til sist kan me melde om at det her skjer at unge gutar kjøper seg bil. Denne blir senka, måla i rare fargar og kjøyrt rundt i. Kjøretøyet blir utstyrt med eit kraftig stereoanlegg og det blir spelt høglytt og rar musikk til alle døgnets tider. Dette skjer som regel på bensinstasjonar. Fast inventar i bilane er dessutan lettkledde jenter som er altfor unge for gutane. Godt me ikkje har det slik i Norge.

laurdag 3. mai 2008

Værvarsel

Været i Tübingen 04. - 12. mai:


Søndag 4. mai . . . . . . . . Mandag 5. mai . . . . . . . Tirsdag 6. mai

Onsdag 7. mai . . . . . . . . . Torsdag 8. mai . . . . . . . . Fredag 9. mai

Lørdag 10. mai . . . . . . . Søndag 11. mai . . . . . . . Mandag 12. mai

Kilde: www.yr.no/