torsdag 3. april 2008

Det du ikkje visste om Tyskland

Når ein kjem til eit framand land, det kan vere langt borte eller ganske nærme, treff ein som regel på rariteter. Me som er nordmenn veit at me bur i verdas beste land i heile verda, og vil derfor ha ting mest mogleg likt som heime. Melka skal smake norsk, brødet skal vere slik som frå Prixen på Stokkaveien, og syltetøyet skal ikkje vere for surt, ikkje for søtt, og ikkje med vaniljesmak. Nei, det skal vere som heime. Godt.


Eg har snekra saman ei lita liste med tyske ting som ikkje er som heime:



1. Melkekartongen har strekkode langs heile sida. (Altså ingen påskekrim).





2. Toalettpapiret har fire lag. Effektivt og slitesterkt.





3. Har du prøvd å slurpe hul spaghetti? Det lar seg ikkje gjere å skape undertrykk i munnen ettersom frisk luft trenger inn frå botnen av spaghettien. Dermed blir han hengande. Eller på-stedet-hvil, om du vil. Nedanfor ser ein Marte bruke spaghetti som sugerør.



Ellers alt vel.


3 kommentarer:

Eirik sa...

Ska sei, hule spagetti? Ka e poenget med det? Eg e imponerte øve kvaliteten på innleggene dåkkers. Her oppe i nord e det mas som valig, men dog positivt mas. Kos dåkk. Eirik.

Anonym sa...

Det dopapiret, er det så ein kan bruka det opp att eller noko? sidan det er så tjukt liksom...
imponert over nynorske eg vise her jone? rettskriving å greier... trur eg då hehe

Elisabeth sa...

Her har dopapiret ikkje sjelden ett tynt lag.
Melkå e holdbar et halvt år fram i tid. Viss du ikkje åpne na då...
Rare greier.

Det va bare ein liden hilsen frå meg her i Peru. Håbe alt står bra te.