I går reiste me 20 utvekslingsstudentar frå språkkuret til Stuttgart. Turen tar litt over ein time kvar veg med tog. Me kjøpte gruppebillett, noko som gjor at det ikkje kosta meir enn 45 kroner tur-retur per person. Det er vel omtrent det det koster å reise frå Stavanger til Sandnes, ein veg. På heimvegen fekk me til og med reise med 2-etasjers tog. Sjølvsagt sat me i øverste etasje.Stuttgart er ein stor by - omtrent som Oslo. Der er ei kjempelang handlegate (større enn både
Langgata i Sandnes og Karl Johan i Oslo). Det er også ein del store flotte bygningar, mellom anna eit slott. Desverre var det denne dagen det verste regnværet som har vore sidan me kom hit (omtrent som ein vanleg dag i Norge, men uten vind), men litt fekk me sett likevel.Jone, Martin og Jessica

3 kommentarer:
Eg lurer på om eg er enig med deg Marte, at det kanskje er vel så greit å ta to bilder. Men elles må eg innrømme at eg lo ganske godt når eg fekk sjå bilda du hadde lagt ved som døme!! De kan jo starte en sånn "hvor er willy" serie på bloggen, berre med "hvor er Marte".
Synest det er veldig kjekt at de held oss her heime litt oppdatert på livet dykkar i Tyskland! Er inne å ser om de har skrive noke nytt nesten kvar dag :)
Stor klem frå Gudrun
(Henrik helsar og ;) )
Dokke e så flinke t å oppdatere bloggen, eg blir heilt imponert! :) Det e veldig kjekt å lese om koss dokke har det!
Hallo! Bloggen deres er et stort høydepunkt her på verftet. Jeg gleder meg stort til å besøke dere. Tidspunktet er fremdeles noe usikkert (riggen må komme seg på vannski ut først), men jeg tror fremdeles vi kan satse på avtalt helg/langhelg. Jone: Når du tar bilde av et tårn, forventer jeg Tobias.
Eirik
Legg inn en kommentar