Etter 1,5 times togtur med flott utsikt var me framme i Sigmaringen, ein by med ca. 26 000 innbyggarar. Me hadde smørt oss niste og langa ut opp gjennom bakkane for å finne ein fin plass for piknik. Toppen me hadde peika oss ut mangla grasbakken me hadde håpa på, men utsikten var derimot betre enn venta. Spesielt fin var den gjennom solbrillene til Jessica.
Me beundra slottet, kosa oss på is-kafé og saumfór gamlebyen. Jessica og Marte tok turen opp på eit "fjell". Der var det nydeleg utsikt, med det majestetiske slottet ovanfor elva Donau som renner gjennom byen. Jone tok heller turen til parken der han fann to trær i passeleg avstand for hengekøye. Hadde det ikkje vore for at toga gjekk så sjelden heimatt, hadde me fint blitt ein time til.
3 kommentarer:
Dåkker har med hengekøyen!!!
såg ut som ein fin plass. alt det du drasse på jone. Vegard
God kveld Ullenes.
Har ikkje makta å somla meg inn på bloggen dykkar før no, og eg blei blenda av den flotte nynorsken de nyttar. Bra jobba!
På same tid vil eg berre nemne at Jone; du ser ut som ein skulegut, fyrste skuledag på kvart einaste bilete som er teke av deg. Det står vel ingenting i vegen for å slakka akslene litt, sjølv om du er i Tyskland über alles vel?
Eg skal gjera mitt beste for å fylgje litt meir med, no på tampen. De har vel ikkje så altfor lenge igjen?
Nuvel, det var alt. Helser frå familien, kos dykk vidare.
Over og ut; Espen
Legg inn en kommentar