måndag 31. mars 2008

Ein söndag i Tübingen



I gaar starta me dagen med amerikansk frokost. Pannekaker med sirup gjekk ned paa högkant, og me var klare for ein ny dag. Vaeret var fantastisk denne dagen, saa me greip han an med ein piknik paa ei mark ikkje langt fraa der me bur. Sola skein, me solte oss litt og kikka paa alle flystripene paa den blaae himmelen.



Seinare paa dagen gjekk me tur saman med nokre vener fraa Erasmus-kurset, som me deltar paa no om dagane. Me har blitt raskt kjent med mykje folk der, og me har allereie gjort mykje kjekt saman med dei. Paa kurset faar me dessutan utvikle tysken vaar ganske bra. Denne dagen gjekk turen til Österberg, ein aas ikkje langt fraa sentrum. Fraa venstre paa bildet ovanfor er Sean fraa USA, Marte fraa Talgje, Martin fraa Ungarn og Jessica fraa Sverige.



Veret var saa fint at Jone sat i vinduskarmen og savna terrasse i ein time etter at me kom heim. Sola gjekk sakte ned bak trea utanfor huset vaart og temperaturen sank til like under 20 grader. Morgonen etter var det kun sju grader ute. Slik er visstnok vaaren her i omraadet.



P.S: Me har nädd det byräkratiske nivä i immatrikulasjonsprosessen at me visstnok snart skal kvalifisere for brukarnavn og passord slik at me kan komme oss paa internett heime. Daa blir det (muligens) litt meir sving over bloggen…



 

2 kommentarer:

Anonym sa...

kjekt å lesa om dokke. saknar dokke , men unner dokke ei oppleving som dette.

vegard ullenes sa...

hei kjekt å høyra dokke har fint ver. Her byrjar sola å komma fram, men fram til nå nyligt har det vore litt snø her. På fredag ska eg besøkja martin det glede eg meg te. GLede meg og te å vitja dykk.

Vegard