søndag 13. april 2008

Me tenker det er på tide å vise litt bilder frå den vakre byen me bur i.

Eit klokt hode skal visstnok ha sagt: Tübingen har ikkje noko universitet. Byen er eit universitet. Overalt kor ein fèr ligg det eit fakultet, studentboligar eller eit kontor for universitetet, som blei stifta på 1400-talet. I Tübingen er me mange utanlandske studentar, men dei fleste kjem frå andre stader i Tyskland. Av 83 000 innbyggarar er over 20 000 studentar, og folka i Tübingen har dermed yngst gjennomsnittsalder i landet.

Gamlebyen består av sentrumsbutikkar, bakeri, restaurantar, pubar, marknader og mange trange gater og smau. Husa er av typen Fachwerkhaus og er tradisjonelle for området. Dei gamle bygningane er relativt høge med mellom fem og sju etasjar, så inntrykka blir annleis enn i Gamle Stavanger. I dei trangaste gatene kan ein nesten ikkje sjå himmelen. Husa er nemleg bygga slik at for kvar etasje så aukar grunnflata. Første etasje er med andre ord minst, sjuande etasje er størst. Avstanden mellom to hus kan dermed være tre meter på gateplan og ein meter ved taket.

På rådhusplassen er det frukt- og grøntmarknad.

Elva Neckar er ei av sideelvene til Rhinen. Ho passerer Tübingen i bedageleg tempo, og deler byen i den gamle- og den nye delen.


Bildet er teke frå ei øy i elva. Her er det ein flott park med mange duer og studentar.

Det går også mange mindre kanalar og bekkar gjennom byen. Her har kvart hus si eiga bru.

Tübingen er ein veldig triveleg by for oss. Byen er ikkje større enn at ein i løpet av kun eit par dagar har eit godt overblikk og veit sånn omtrent kor ting ligg hen. Der me bur er me dessutan nært til skog og mark, samstundes som sentrum kun er ein kort busstur unna. Men på tross av relativt små forhold, har Tübingen eit stort universitet med eit rikt studietilbud.

4 kommentarer:

Familien Nossen sa...

Så kjekt å lesa på bloggen dåkkas! Tubingen virka som ein flotte by.. Litt klaustrofobisk med hus som "lukkar" seg over ein, men det blir ein kanskje vant til? Håpe dåkke hadde ei fine tid i gamlahuse og..kos dåkke vidare i Tyskland! Marie :-)

Liv sa...

Dette virka jo skikkelig koseligt, men trur der e någen her heima så ikkje like hvis dokke gror fast......

vegard ullenes sa...

itte å ha sett på bildene dykkar. har eg fått intrykket at tübingen er ein blanding av venezia og gamle stavanger. Virke som ein koselige by. glede meg tå e se den på skikkeligt.

helsing Vegard

Anonym sa...

Va jo nesten som å lesa utdrag frå ein reisekatalog dette her ;)
Glede meg t å snakka med deg på skype Marte! Må bare finna ein dag me begge har god tid. Så får me finna fram strikketøyet på kvar vår plass -og tatla om alt og ingenting... ;)