tysdag 10. juni 2008

HEIA SVERIGE!
(leses med svensk tonefall)


I ein studentby med internasjonale studentar frå dei fleste land i Europa er EM ekstra spennande. For same kven som speler er det nokon sitt lag. Det at Norge ikkje er med er det nok ikkje me som er mest leie oss for. Då måtte me jo fylt med...

Sist Jone var på fotballkamp var Viking - Rosenborg for to år sidan. Sidan den gong har han lært kor lenge ein kamp varer, og syntes derfor det var nok med ein halv. Vår svenska syster Jessica ba om nabohjelp til å heie landet sitt fram. Me kledde oss derfor i gule og blå t-skjorter og gjekk til ein stuentpub med storskjerm like der me bur for å få med oss andre omgang. Trur det må ha hjulpe at me kom og heia, for i løpet av 5 min fekk Sverige ballen i mål to gonger.

Jessica har laga flagg av filt for høvet.

2 kommentarer:

vegard ullenes sa...

eg visste ikkje at dokke va så interressert i fotball. martin go pappa sat heime og såg kampen på svensk tv4. vegard

Anonym sa...

trodde jeg så syner nar jeg så bilde av et fotball lag, ikke akkurat det jeg forbinder med dere...,men vi gjør som dere, heier på Sverige. Reidun.