søndag 29. juni 2008

Det du ikkje visste om Tyskland III

Mange ting er annleis i utlandet, og nokre ting er ikkje heilt som forventa. Her kjem neste episode i vår spanande og publikumsbelønna serie om det du ikkje visste om Tyskland.


Nudiststudent
Universitetet i Konstanz tilbyr noko såpass uvanleg som ei eiga badestrand til studentane sine. Og ikkje nok med det, det er enda til ei nudiststrand. Vil du studere naken? Dra til Bodensee!



Fotballfest

I desse EM-tider gjer folk i Tyskland mykje rart. Blant anna blir dei så glade etter ein seier at dei kjører rundt i byen med tuta på, i omlag ein time etter kampen. Ei rekke på kanskje 20 bilar lagar urovekkande mykje lyd, særleg rundt leggetid. Eg har forhøyrt meg litt, og det skal visstnok også vere lovleg. Tut & kjør.



Norsk oppvask
Dersom ein har vore nedover her, har ein kanskje fått med seg at dei fleste bruker svamp når dei skal vaske opp. Greit nok det. Men dersom ein er så heldig å finne ein oppvaskkost i butikkane her, så heiter han attpåtil "Norweger". Det er godt at me har bidratt til verdenssamfunnet.

Et lite stykke Norge


Intimt
Folk i Tyskland står oss nært. Av og til litt for nært. Når me pratar, skiller det ein halv meter mellom oss. Det luktar kvitløk, og eg tar eit skritt bakover. Han følger etter. Dermen skiller det framleis ein halv meter mellom oss. Eg rygger, men møter ein vegg. Kva skal eg gjere?

Intimsonestatistikk viser at nordmenn og folk frå Finland er dei i verda som vil ha lengst avstand til ein samtalepartnar. Intimsona til ein nordmann måler heile 1,1 meter!

Dette var kanskje ikkje om Tyskland, men om oss, tenker kanskje du nå. Det har du nok rett i.

Her ser me to nordmenn som trossar intimsonene sine.


Eit skilt for alt
Det er ein kjend sak at tyskarane er glade i orden. Men at det fekk så sterke utspill, overraska iallefall oss. Biletet er ikkje frå Wegwecenet sitt lager, men frå ein ganske vanleg skogsveg like der me bur.

.

5 kommentarer:

martin sa...

godt at de slår eit slag for kulturforståelse.. tenkar at nok det ikkje var så mykje tuting ikveld etter den finalen. Så de får litt søvn.

Anonym sa...

Tyskalnd har mykje å by på, blir kanskje kjedelig å komma på ferie til Talgje og bare gå tur til klubben. Tante Olaug

vegard ullenes sa...

ja eg seie så martin. Det va vel stilt og roleg i gatene i tübingen på søndag kveld. Ein ting er at tyskarar likar orden, men det må då vera måte på.

Anonym sa...

Merka meg skilta, ja - kan her vera ein liten utfordring for pappen og meg når me svinge oss nedover med vectraen??Mamma

Marte Gard Ullenes sa...

tante Olaug: Det blir alt anna enn kjedeleg å komma tilbake til Talgje, med "fjell", sjø og ikkje minst alle folka!

svigermor: Dåkke får holda dåkke på Autobahnen. Der går det absolutt fortast (av og til ingen fartsgrense!) og heller ikkje så mange skilt som her. :)