onsdag 16. april 2008

Om ein stol

Eg har sidan me kom hit hatt lyst på ein stol. Ein komfortabel lenestol. Me leier boligen vår møblert, men møblene passar betre på eit tannlegekontor enn i ein hybel. Tresmak i baken er viktige stikkord for å forstå min iver etter eit komfortabelt møbel.


I går satte eg derfor kursen mot Französisches Viertel- Det franske kvartal. Her er eit utsalg med rimelege møbler. Eg peka meg ut ein flott stol og var overraska over den gunstige prisen. Han var brei og fin, faktisk såpass stor at både Marte og meg kunne få plass i han, dersom me satt litt oppå kvarandre. Stolen var som ein liten sofa. Allikevel ville han passe fint inn i kroken eg hadde sett meg ut heime hos oss. Stolen var perfekt.


Men korleis skulle eg få han med meg heim? Dama i butikken ringte etter drosje. Og mens ho prata i telefonen tok ho til å måle stolen eg skulle kjøpe. “Han er for stor”, var svaret. Dersom stolen ikkje gjekk inn i eit ganske normalt bagasjerom, fantes det ikkje store nok drosjebilar i byen. “OK, men kan dere levere?” spurte eg. Det kunne dei, men kun med ein stor lastebil som det kosta mange pengar å drive. Det ville bli dyrt. “Kjenner du ingen med bil”, spurte dama. Det gjorde eg ikkje. Og då gjekk det opp for meg at omtrent alle eg kjenner her er utvekslingsstudentar frå fjern og nær. Helst frå fjern. “Ikkje bil, for dyr levering og ingen bilande vener. Eg tar bussen”, sa eg. Butikkdama såg på meg, kikka på stolen, kikka på meg igjen, tvilte og meinte at stolen var ganske stor.


Eg gjorde eit kjapt søk i mitt erfaringsregister og fann ut at nei, det går bra. Eg har nemleg ved fleire høve heime i Norge bussa med medbragt stol. Ja, endog eit flatpakka dusjkabinett har fått reise kollektivt saman med meg. Dette skulle gå fint.


(illustrasjonsfoto)


Eg bar stolen ned og ut på gata. Eit par folk kikka litt rart etter meg idet eg gjekk dei tohundre metrane til busstoppet. Marte hadde nekta å vere med på dette toktet, fordi ho alltid syns det er flaut når eg har med meg stol på bussen. Ho om det.


Då bussen kom og bakdøra glei opp, smatt meg og den nye stolen min elegant inn der kor barnevognene pleier å stå. Når stolen stod på høgkant på sida av meg, tok han ikkje så mykje plass. Bussane i Tübingen er dessutan store. “Hei, du med stolen!” Det var bussjåføren. "Den der kan du ikkje ha med deg her." “Jamen, det er bare for to stopp”, prøvde eg meg. Eg måtte nemleg byte buss etter ikkje så lenge. “Du kan ikkje ha med deg LAST på bussen”, gjentok sjåføren. Eg forstod raskt at det her eksisterer tyske reglar med tysk byråkrati i ryggen. Det bare var til å gløyme å stole på bussen.


Etter at han hadde kasta meg av, kjørte bussmannen vidare. Så der stod eg med den perfekte stolen. Omtrent så langt frå heimen min som det lar seg gjere å komme innanfor byens grenser. “Kva nå?” tenkte eg. Vanlegvis ville det vore ei råd. Eg mimra frå då eg som tiåring brakte min første sofa heim frå loppemarked ved hjelp av ein kamerat og ein sykkel. Nå såg det derimot håplaust ut.


Eg bar stolen tilbake til butikken og byrja å spørre ulike andre kundar om skyss etterkvart som dei kom ut av butikken. Men enten hadde dei “for små bilar” eller “for lite tid”. Men eg forstår dei godt og. Ein vimsete utlending med altfor stor stol og gebrokken og fomlete tysk ber om skyss. Neitakk.


Så eg måtte med hengande hode levere tilbake stolen og få euroane mine igjen. Det heile er i grunnen ganske trist. Vel heime med tresmak i baken minner eg meg sjølv på at eg eigde den perfekte stolen. Så nær, men allikevel så fjern. Det pleier å ordne seg for snille gutar. Men ikkje denne gongen. Ikkje i Tyskland. So ist das Leben.


søndag 13. april 2008

Me tenker det er på tide å vise litt bilder frå den vakre byen me bur i.

Eit klokt hode skal visstnok ha sagt: Tübingen har ikkje noko universitet. Byen er eit universitet. Overalt kor ein fèr ligg det eit fakultet, studentboligar eller eit kontor for universitetet, som blei stifta på 1400-talet. I Tübingen er me mange utanlandske studentar, men dei fleste kjem frå andre stader i Tyskland. Av 83 000 innbyggarar er over 20 000 studentar, og folka i Tübingen har dermed yngst gjennomsnittsalder i landet.

Gamlebyen består av sentrumsbutikkar, bakeri, restaurantar, pubar, marknader og mange trange gater og smau. Husa er av typen Fachwerkhaus og er tradisjonelle for området. Dei gamle bygningane er relativt høge med mellom fem og sju etasjar, så inntrykka blir annleis enn i Gamle Stavanger. I dei trangaste gatene kan ein nesten ikkje sjå himmelen. Husa er nemleg bygga slik at for kvar etasje så aukar grunnflata. Første etasje er med andre ord minst, sjuande etasje er størst. Avstanden mellom to hus kan dermed være tre meter på gateplan og ein meter ved taket.

På rådhusplassen er det frukt- og grøntmarknad.

Elva Neckar er ei av sideelvene til Rhinen. Ho passerer Tübingen i bedageleg tempo, og deler byen i den gamle- og den nye delen.


Bildet er teke frå ei øy i elva. Her er det ein flott park med mange duer og studentar.

Det går også mange mindre kanalar og bekkar gjennom byen. Her har kvart hus si eiga bru.

Tübingen er ein veldig triveleg by for oss. Byen er ikkje større enn at ein i løpet av kun eit par dagar har eit godt overblikk og veit sånn omtrent kor ting ligg hen. Der me bur er me dessutan nært til skog og mark, samstundes som sentrum kun er ein kort busstur unna. Men på tross av relativt små forhold, har Tübingen eit stort universitet med eit rikt studietilbud.

Leiligheten vår



Her kan du få ein tredimensjonal visning av vår residens.

torsdag 10. april 2008

Duer og brød

Det er ikkje alltid me er like begeista for brøda her i Tyskland. Enten er det for lyst eller for surt. Potetbrød smaker greit, men gir ein litt vond ettersmak av gamle kokte poteter. Duene derimot liker det veldig godt.

søndag 6. april 2008

Utflukt til Stuttgart

I går reiste me 20 utvekslingsstudentar frå språkkuret til Stuttgart. Turen tar litt over ein time kvar veg med tog. Me kjøpte gruppebillett, noko som gjor at det ikkje kosta meir enn 45 kroner tur-retur per person. Det er vel omtrent det det koster å reise frå Stavanger til Sandnes, ein veg. På heimvegen fekk me til og med reise med 2-etasjers tog. Sjølvsagt sat me i øverste etasje.

Stuttgart er ein stor by - omtrent som Oslo. Der er ei kjempelang handlegate (større enn både Langgata i Sandnes og Karl Johan i Oslo). Det er også ein del store flotte bygningar, mellom anna eit slott. Desverre var det denne dagen det verste regnværet som har vore sidan me kom hit (omtrent som ein vanleg dag i Norge, men uten vind), men litt fekk me sett likevel.

Jone, Martin og Jessica

Jone og eg er litt uenig angåande når det gjeld bilder av bygningar, utsikt og liknande. Jone synes det er fint om eg er med på bildet, men eg må vera i kanten så eg ikkje skuggar for det som det egentlig blir tatt bilde av. Eg meiner at det er betre å ta to bilder, eit med utsikten og eit der eg er i sentrum (ja, eg liker å bli tatt bilde av). Resultatet blir då ofte som nedanfor. Til venstre: Jone ville ta bilde av eit fint tårn, og eg har fått vera med nede i venstre hjørne. Til høgre: Eg hopper framfor kamera akkuratt idet Jone skal ta bildet, bare for å sikre at eg av og til får vera sentum i bildet.

torsdag 3. april 2008

Det du ikkje visste om Tyskland

Når ein kjem til eit framand land, det kan vere langt borte eller ganske nærme, treff ein som regel på rariteter. Me som er nordmenn veit at me bur i verdas beste land i heile verda, og vil derfor ha ting mest mogleg likt som heime. Melka skal smake norsk, brødet skal vere slik som frå Prixen på Stokkaveien, og syltetøyet skal ikkje vere for surt, ikkje for søtt, og ikkje med vaniljesmak. Nei, det skal vere som heime. Godt.


Eg har snekra saman ei lita liste med tyske ting som ikkje er som heime:



1. Melkekartongen har strekkode langs heile sida. (Altså ingen påskekrim).





2. Toalettpapiret har fire lag. Effektivt og slitesterkt.





3. Har du prøvd å slurpe hul spaghetti? Det lar seg ikkje gjere å skape undertrykk i munnen ettersom frisk luft trenger inn frå botnen av spaghettien. Dermed blir han hengande. Eller på-stedet-hvil, om du vil. Nedanfor ser ein Marte bruke spaghetti som sugerør.



Ellers alt vel.