fredag 2. mai 2008
søndag 27. april 2008
Grillfest i parken
Studiene går stort sett greit, sjølv om det av og til kan vere vanskeleg å forstå det som blir sagt. Men tysken vår kjem seg, smått om senn. Dessutan er det mykje greie folk her som tar seg tid til å forklare litt ekstra for ein stakkarsleg utlending.
Ein dag var me saman med 40 andre frå språkkurset på grillfest på Neckar Insel, ei øy i elva som renn gjennom Tübingen. Veret var fint og me storkosa oss i parken. Det er kjekt å halde kontakten med gjengen, fordi me har blitt spredd rundt til alle kantar av byen i tida etter startkurset. På kurset var det folk frå eit titalls ulike nasjonar. Alle har me reist til Tübingen for å lere betre tysk, bli kjent med nye folk og for å studere i Tyskland. Denne dagen nøyt me det.
På elva Neckar kan ein leige seg ein båt og la seg stake gjennom den vakre byen.
Tid for reise
Etter 1,5 times togtur med flott utsikt var me framme i Sigmaringen, ein by med ca. 26 000 innbyggarar. Me hadde smørt oss niste og langa ut opp gjennom bakkane for å finne ein fin plass for piknik. Toppen me hadde peika oss ut mangla grasbakken me hadde håpa på, men utsikten var derimot betre enn venta. Spesielt fin var den gjennom solbrillene til Jessica.
Me beundra slottet, kosa oss på is-kafé og saumfór gamlebyen. Jessica og Marte tok turen opp på eit "fjell". Der var det nydeleg utsikt, med det majestetiske slottet ovanfor elva Donau som renner gjennom byen. Jone tok heller turen til parken der han fann to trær i passeleg avstand for hengekøye. Hadde det ikkje vore for at toga gjekk så sjelden heimatt, hadde me fint blitt ein time til.
onsdag 23. april 2008
Sannhetens time
Etter at eg måtte selge stolen tilbake til butikken og reise stollaus heim til Marte, var eg svært nedrulla. Eg søkte trøst hos ein kamerat, Martin. Som ungararar fleist veit han alltid ei råd, og foreslo derfor at eg og han skulle låne sykkelen til ei venninne av oss frå Sverige. Med sykkelen skulle me ta bussen til butikken og hente stolen min heim, sa Martin. Eg var skeptisk. Stolen var stor og vegen var lang, sa eg. Dette meinte Martin at ikkje var noko å syte over. Eg takka ydmykt for tilbudet og me vart einige om at turen opp bakkane ville vere bra for vår Gesundheit. Saman la me strategiar for pålasting, surring og transport av det fabelaktige møbelet. Me fann ut at det kunne vere smart å gå ein på kvar side av sykkelen. Turen berekna me til to timar.
(illustrasjonsfoto)Då me hadde kikka på værmeldinga og sagt over telefonen at jo, i morgon var dagen, og lagt på, då kom Marte heim. Ho hadde vore i byen på kafe med ei ny vennine. Ho hadde fått seg ein venn den kvelden. Slik hadde det seg. Vennen hadde bil og slutten på historien er derfor langt mindre spanande enn det bygga seg opp til. Martin og meg har dessutan eindel jogging å ta igjen for å kompensere for tapet av eit interessant transportprosjekt og treninga det ville ha gitt oss.
måndag 21. april 2008
Siste nytt
I grenseland
byen Horb. Her var det mange flotte
gamle bygningar, kirker og festningar. Tre kvarter var akkurat nok til å sjå seg rundt i Horb, så fòr me vidare mot sør.
Med gode utsiktsforhold drog me i toetasjars tog gjennom snødekka
dalar og kom etterkvart til Konstanz og Bodensee. Det var flott å sjå sjø igjen (sjølv på 400 meter over havet). Me strøyk straks ut på kaien og skuva den disige innsjøen. På andre sida kunne me skimte Alpane.
I Konstanz klatra me kyrkjetårn, var på kafè og dreiv mysing.
Det kulaste med denne byen er at grensa til Sveits går tvers gjennom sentrum. Den sveitsiske delen av byen heiter Kreuzlingen og den tyske delen heiter Konstanz. Og sidan sveitsarane ikkje er med i EU, er det her ei strengt bevokta tollgrense. I praksis er det som om det skulle gå ei landegrense tvers gjennom Hillevåg. Me fekk høyre at mange bur i Kreuzlingen og arbeidar i Konstanz. Dei må derfor ha med seg pass til jobb.