Me driv for tida med nok eit språkkurs ved universitetet. Denne gongen går me visst i dybden (med blanda følelsar, frå mi side). Plusquamperfekt og partisippar, futurum og modalverb. Og eg som bare ville prate tysk...
Men så enkelt skal det ikkje vere. Ein må nemleg har ei rett tunge for å halde styr på grammatikkens uransakelege verden. Ellers blir det krøll, og då risikerer ein å blande konjuktiv med temporal angabe og det er ingen som veit korleis det kan ende.

Dagens overskrift stammar frå Oscar Wilde. På tross av ein litt negativ undertone, vil eg nok ofte seie meg einig med denne Iren. Tysk er noko styr, av og til (i timen). Å prate med folk, lytte, ja til og med å synge er kjekt på tysk (
"Mein kleiner grüner Kaktus, steht draußen am Balkon. Hollari, hollari, hollaro"). Men med grammatikken er det mindre hollari, hollaro.
Betre blir det ikkje når gradestokken kryp seg bortimot 35 grader, og hengekøya klør etter å få lufte seg. Men ein må vere inne å lese, eller sitte klemt mellom nokre svetteluktande folk på bussen mellom to forelesningar. Nordbuarar er ikkje skapt for slike forhold.
Men me skal ikkje (bare) klage. Utanom lekser og seminar på universitetet, har dei siste dagane gått med til flott sykkeltur gjennom frodige dalar, selskap med folk frå kirka, halde kontakten med folk heime og tørke svettedråpar frå både panne og gulv.
Neste helg får me dessutan familiebesøk, og det gler me oss stort til!
.