søndag 15. juni 2008

Ein familie og ei borg

Forrige helg hadde me besøk av familien vår frå Stavanger. Me hadde funne ein feriebolig til dei her i Tübingen, og forventningane var store. Det er spesielt kjekt å treffe folk ein er glade i når ein er i utlandet over tid, og me hadde ei veldig flott helg saman. Dagane gjekk med til å kikke på byen, konsert i Bebenhausen, tur på elva og utlukt til ei borg ikkje så langt frå Tübingen.

Mamma og dei andre rosene kosa seg på balkongen.

Marting og Vegard støttar kvarandre på veg opp den bratte bakken mot Østerberg.

Då me var på Stockerkahn-tur på elva, fekk eg prøve meg litt med stokken.

Så gjekk turen til Burg Hohenzollern. Denne festningen har slott med flotte ballsalar, mange hemmelege gangar, to kirker og mykje flott utsikt. På ein haug tronar borga 300 meter over det ellers så flate landskapet. Festningen som i dag står her er den tredje i rekka. Den første blei brendt ned av ein misfornøgd bror i samband med eit arveoppgjer, den andre blei øydelagt av forfall, og den som står i dag er kun 150 år gamal.









Hohenzollern har tidlegare tilhøyrt ulike keisarfamiliar i Tyskland, og er enda i privat eige. Etterkommarane av desse keisarane har arva borga i tur og orden, og Hohenzollern eiges i dag av ein ungkar-prins på 35 år som bur i Berlin. Så dersom du sit med ein prinsessedraum i magen, er det sikkert bare til å ta kontakt.

Her lar familien Ullenes lunsjen få sige, godt verna av festningsmurane på Hohenzollern.
.

4 kommentarer:

vegard ullenes sa...

ja me hadde det kjekt då. Glede meg te dokke kjem heim. Vegard

Anonym sa...

Har satt opp lapp på Talgjebutikken om ledig prins i Tyskland. her vil det garantert bli god respons. Far

Anonym sa...

Hohenzollern er flott! Hadde gløymt navnet, men ser at det var der eg var då eg var på dykkar alder (Jones) på 70-talet. Håper de koser dykk med nytt besøk no, men de må ikkje gløyma at de er studentar! Åslaug

Anonym sa...

Ja, det var ei svært kjekk helg - takk for sist! Likte godt kommentaren her om rosene....klem frå mamma