onsdag 25. juni 2008

Neckar entlang

Siste veka har me hatt besøk av Torstein frå Stavanger. Mellom øktene på universitetet fekk me blant anna tid til ein dag på elva Neckar. Me drog ein time med tog til Sulz, der me leigde oss kano og kajakk. Ovanfor smiler Torstein og Marte om kapp med blomane, før avgang Sulz.

Kva venter rundt neste sving? Det blei ein storarta dag der våre sinn raskt inntok elva sin rytme. Stundom gjekk det roleg for seg, andre gonger pumpa hjarta i takt med stryka som me passerte. Nedanfor ser ein Marte på veg ned eit slikt.


play

Etter at 16 km var tilbakelagt var me i Horb. Padleturen var over og me satte oss på toget heimover. Me var alle einige om at ein elvetur var tingen. Naturen blir som eit evigvarande framkomstmiddel; ein treng verken bruke åre eller motor. Elva tek ein fram utan strev. Då kan ein la tankane surre, kikke på det skiftande landskapet som ein sig gjennom, eller slå av ein drøs. Det er fint.









Pause i Fichingen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

"Dette ser kjekt ut!" Mor sin kommentar med ein gong hu leste det.Padlinga i Grønland blir nok litt annleis mellom isflak, holmar og skjær.Far

Anonym sa...

Av ein eller annan grunn kom eg på i hine dager då desse to karane lurte rundt husnovene her med vanngjeværa sine...tippar de kosa dokker - ser utruleg kjekt ut!!Mamma