fredag 16. mai 2008

Mellom grøne dalar og kvite fjell


Interrail - del 1:
Sidan det nettopp var pinse, har me hatt fri frå Universitetet heile denne veka. Som om semesteret ikkje allereie var kort nok, tenkte me. Men, men. Må me ha ferie, så me me vell det...
Me drog på Interrail.


I Sveits drog me forbi blomstrande marker og kikka opp på 4000 meter høge, snødekka fjelltoppar. Det var storslagent for vestlendingar å sjå bratte fjell igjen. Dessutan fekk me reise på båttur på Zürichsee, noko som letta på trykket for sjømannen Jone.










Om nettene sov me på ungdomsherberger, noko som fungerte veldig fint. Der blei me kjende med masse kjekke folk, og me fekk godt stell.










Me drog sørover frå Tyskland utan store planar. Det betydde at kvar dag måtte få danne seg sjølv. Med Interrail kan ein nemleg hoppe av og på tog som ein vil, og det benytta me oss godt av. Derfor kunne det hende at idet me drog forbi ein fin plass, hoppa me likså godt av der og kikka litt, sat på kafe eller leita fram ein stad å sove.

Me la merke til at me begge hadde godt av å reise på ein slik måte, fordi me så ofte vil legge planar for alt mogleg, utan rom for spenning og spontanitet. Sjølvsagt kan også denne spenninga opplevast som usikkerhet, men det gjekk som regel fort over. Utan å lova at det varer, har me allikevel lært eindel av å reise på ein slik måte.













Sveits er eit kjempeflott land å reise med tog i. Alt går når det skal, det går fort og ofte, toga er komfortable og det går tog til nært sagt alle stader. Marte kommenterte på dag tre i Sveits at "NSB seier at "det går alltid eit tog", men dei skulle bare ha visst". I Sveits går det alltid eit tog. Me kunne hoppe av på ein vilkårleg stasjon for å byte til ei anna linje. Me måtte sjelden vente meir enn ti minutt. I Norge får me alltid høyre at me er ein foregangsnasjon på alt mogleg. Men, men. Me får ta det med ei ause salt.

Til tross for uttallige timar på tog, blei me ikkje leie av å reise. Me hadde tatt nokre forhandsreglar og utstyrt oss med musikk og lesestoff. Bøkene fekk likevel ofte ligge i ro, for det er alltid noko å sjå på i det flotte landskapet.

Nokre av stadene me såg i Sveits er Zürich, Luzern, Fribourg, Interlaken, Grindelwald, Flüelen, Bellinzona og Lugano. Turen gjekk gjennom eit forholdsvis lite land, men med store ulikheter. I nord pratar dei ein tysk dialekt, og skriftspråket er vanleg tysk. I vest går det i fransk og i sør høyrer ein kun italiensk. Språket går sjølvsagt igjen i kultur, gate- og stedsnavn, butikkar og så vidare. Me følte derfor ofte at me besøkte tre ulike land.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det er omveiene og forsinkelsene og sidesporene som beriker ens liv. (Nils Kjær)

Marte Gard Ullenes sa...

Det med forsinkelsene er eg ikkje heilt enig i, men eller stemmer det. Spesielt omveier er me jo blitt opplært til at er ein viktig del av turen. :)

Anonym sa...

Ja, uten omveiar og sidespor hadde me verken opplevd Sanderstølen eller andre gode minner frå barndommen :)

vegard ullenes sa...

det e greit å ta ein omveg i blant. bare ein kjem seg fram. kjekt å sjå bilete frå dr dokke hadde vore. vegard