søndag 18. mai 2008

17. mai i Tyskland

Nasjonaldagen nærma seg og me venta besøk. Eirik og Frank kom frå Stavanger, Anita frå Wien. Saman med nokre andre nordmenn og norsk-studerande tyskarar, mobiliserte me til feiring. Turen starta frå studentbyen vår og gjekk roleg for seg fram til me var ute av sivilisasjon. Då me nærma oss skogen, brøyt me ut med eit heidundrandes søttandemaitog. Me sang og blåste, vifta med flag og heia. Heia Norge! (hipphipphurra).

Etter "Endelig er dagen her" fem gonger, alle versa av "Vi ere en nasjon vi med", samt eindel skarptromming og blåsing, brøyt toget opp. Flaga vart planta og nasjonalsongen ærbædigt framført. Me hadde nådd vårt siktemål og tende grillen.

Ovanfor den tidlegare omtalte klosterbyen Bebenhausen hadde me slått leir og feira i fleire timar. Enga var for høvet pynta med gule søttandemaiblomar, og me slo opp hengekøya mellom to trer.

Grillen frå Lidl fekk røyne seg på pølser, koteletter og grønsaker.


Som seg hør og bør på søttandemai, vart det arrangert ymse leiker. I tillegg til Bamsemums-på-grillspyd-leiting i enga, blåste me i ballongar til dei sprakk.


Nedanfor ser ein mange fine blomar foran eit kloster.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Lidel bærepose i syttenemaitog- skeptisk !

Marte Gard Ullenes sa...

Ein liten kommentar: De kan sjå ut på bildet som om Jone allerede har vunne konkurransen, men fakta e at han ikkje har begynt å blåsa eingong. E kje så lett me latterkrampa. :-)

Anonym sa...

Så koseligt det såg ud. Midt i engå der;) Dåkke e heldige! Nyd tiå der nere!! Brev e på vei Marte!!;) ska bare skriva det fusst!! hehe:) Klem!

Anonym sa...

såg ut som dåkke hadde ein rektigt så koselige nasjonaldag dåkk og :)
Hb alt e bra! Ser ud te at d e ein kjekke by dåkk e i.
Åselena :)

vegard ullenes sa...

det verka kjekt. heime i noreg har det skjedd noko stort. Kristin har født det andre oldebarnet te Mormor. Han heiter Emil. ellers har det vore kjekt å feira 17 mai. gjekk bare i folketoget med judoen, men det va kjekt. Vegard

Elisabeth sa...

Hei!
ja, det går faktisk an å feira 17. mai i utlandet og! Nasjonalfølelse blir jo bare dobbelt så sterke :)
Stilig feiring!

Og så kjekt med tur te Sveits!!!