måndag 26. mai 2008

I solskinn langs Den italienske riviera.

Interrail - del 2: Som me fortalte, var me på Interrail. For ei veke sidan beretta me frå turen i Sveits. Her kjem resten frå reisa vår.

Då me etter eit par dagar i Sveits hadde kryssa Alpane og var heilt sør i landet, var me ikkje langt frå Italia og Middelhavet. Sidan me hadde fri frå universitetet heile veka, lot me oss ikkje be to gonger. Me hadde tidlegare sett eit fint bilete av ein stad som heiter Cinque Terre. Med Interrail kunne me jo dra kor me ville, så derfor satte me kursen dit. Turen frå Sveits gjekk via Milano og Genova.

Cinque Terre betyr fem stader. Desse strekk seg langs kysten sør for Genova, i Nord/vest-Italia. Me stoppa på den første og byrja å leite etter husrom. Vanlegvis sov me på ungdomsherberger, men slike fantes det ikkje på desse småplassene. Me hadde derimot ein oversikt over private Bed & Breakfast- stader i området, og byrja å leite. Veret var varmt sjølv om det var kveld, og sjøen glinsa. Eg måtte klype meg i armen. For dei som ikkje har prøvd det, er det veldig rart for nordboarar å ta tog til Syden. Men no var me altså her. I Syden.

Me forlot strandpromenaden og kom oppover ein roleg veg i ein dal. Den første plassen me spurte hos var lengst oppe i dalen, blant frodige trer og vingårdar. Skogen var roleg, bare grashoppene bidrog med si intense surring. Men det var ikkje plass til oss på dette småbruket.

Den neste staden på lista låg litt lengre nede i det som skulle vise seg å vere eit leilighetskompleks. Det byrja å bli seint og me var litt skeptiske til denne staden. Det var ingen skilting og mange (veldig mange) trapper. Etter å ha blitt skremt av to hundar, traff me ein kar som kunne fortelle at jo, dei hadde plass. Rommet viste seg å vere ein kjekk, liten leilighet øverst i terrasseblokka. Her var vakker utsikt over skog og hav. Me slo til. Til høgre ser ein Marte som et frukost på takterrassen. Etter fleire dagar på reise,
var det nydeleg å vere i ein heim som me
hadde for oss sjølv. Me nøyt kvart minutt.

Frå kjøkkenglaset kunne me skuve horisonten.


Dagen etter fòr me med tog vidare langs kysten og kikka på dei fire andre småstadene. Nokre stader var det stappfullt av turistar, i andre småbyar leika ungane i gatene og det var ein roleg og god stemning.

Den lille havfruen et lunsj.

Men me hadde ei lang heimreis foran oss og kunne ikkje bli i vakre Cinque Terre for alltid. So ist das Leben, sa me til oss sjølv og putla oss inn på toget igjen. No gjekk turen austover og inn i landet. Byen som har fått skinker og pastaretter oppkalla etter seg var vårt neste mål. Me vinka farvel til havet og drog til Parma.


Før me satte kursen nordover mot Sveits igjen, stoppa me dagen etter i millionbyen Milano. Her hadde dei ein diger jernbanestasjon og ei flott kirke.






Turen heimover gjekk gjennom Sveits og til slutt var me tilbake på jernbanestasjonen i Tübingen. Me gjekk ut av den same døra som me seks dagar tidlegare hadde gått inn i. Den gongen fulle av forventningar og spenning. No fulle av erfaringar og minner. Dessutan var ryggsekken ødelagt.


--

4 kommentarer:

Anonym sa...

kjekt å lese om turen dere hadde.Gir minner om den tida jeg reiste på intr-rail. For leeeeenge siden....

Anonym sa...

Heisann!
Kjempe kjekt å lesa om turen dokkas. Eg må sei dokke e veldig dyktige t å skriva!! Håbe alt står bra t, d ser i alle fall sånn ud;) Her i Sandnes forberede me oss på Afrika tur, nå vet me at d bler, så nå e neste spørsmål om me ska reisa fyst t Lisboa eller ikke:)

Hilsen Elisa og Asbjørn

Åshild sa...

eg holde avtalen, eg skrive kommentar:)
ååå, italia! Det e min drøm å reisa der ein gong! E der ett land eg vil reisa t, så e det italia!

Anonym sa...

Nå gjør je et forsøk igjen: Høyrest ut som ein kjempeplass der i Italia - det skal nok prøves engang...Dokke e flinke te å få møje ud av oppholdet!!

Bjørg

p.s Glede oss masse te neste Weekend!!