onsdag 9. juli 2008

Søsterbesøk, sykkeltur og speling

Fredag til onsdag, for ei veke sidan, var me så heldige å få besøk av Heidi. Me hadde ei flott veke saman, med mykje snakking, turar, mat og spel.

I alle år har Heidi og eg brukt mykje tid framfor speilet på badet heime, der me har tatt "søskenbilde" frå alle verdas land. Denne gongen blei det ikkje liksombildet framfor speilet, men eit skikkeleg bilde framfor Bebenhausen.

Etter gudstjeneste på søndag tok me, slik som me pleier, gjesten vår med på Stocherkahn-tur. Me hadde fire deilige timar på elva, med grillmat, bok og sol.

Tirsdagen leigde me syklar og la ut på tur i over 30 varmegrader. Turen gjekk frå Reutlingen, 350 meter opp til Schweäbische Alb (med opptil 17% stigning), sør til Entringen og nordover om Schloss Lichtenstein. Dette slottet ligg heilt på enden av eit stup og eg kan ikkje forstå at det fortsatt står. Turen opp (på baksida) var tung, men absolutt verdt det.

Gartnerdøtrene fekk og tid til ein tur i Neue botanische Garten. Her, og ellers i løpet av veka, var det ikkje få blomsterbildet som blei tatt.

Ellers har me absolutt fått med oss at brettspel er ein god del billigare her enn heime. Dette må nyttast, og siste innkjøp var "Zug um Zug", i Norge bedre kjent som "Ticket to Ride". Det er ikkje få timar siste veka som har gått med til dette spelet, her saman med fire kjekke folk frå menigheten vår; Benaja, Jörg, Ruth og Danilo.

.

6 kommentarer:

vi sørante sa...

Godt at Heidi fikk sommervarme! Takk for koselig hilsen som kom i dag, blir kjekt å treffe dere igjen!
Når det har gått så bra til nå, så går det nok fint resten av tiden i Tyskland og, men pass godt på dere selv!

Heidi sa...

Ja, det var godt eg fekk meg litt sommarvarme... ;-) Håper på ennå meir av den sorten heime på Talgje! Gler meg til å møta dåkke igjen i ferien!

Åshild sa...

såg ud så dåkke hadde det veldig koseligt... eg kjenne at eg og har litt lyst på ei søster når eg lese! men men eg får nøya meg med deg to brødrene eg har...

Anonym sa...

Ville ikkje ha hengt meg ud av vinduene i det slottet!!

Anonym sa...

Håpe me og får tid til ein tur i Neue Botanische Garten - det såg flott ut. Snart er me på vei sørover..detta blir kjekt! Bjørg

Jone Ullenes sa...

For den som er spesielt interessert i detaljer rundt vår sykkeltur (så som prosentstigning i bakkane samanlikna med dei i Rennfast, kva kaffe Jone drakk, o.l.), kan dei finne dette her:

http://gasebingen.blogspot.com/